Kunnskapar
Etter fullført emne skal studentane kunne
- vise korleis ein søkjer og finn relevant litteratur
- skildre korleis ein planlegg og skriv prosjektplan
- kjenne generell vitskapsteori og filosofi, og etiske prinsipp for forsking
Ferdigheiter
Etter fullført emne skal studentane kunne
- handtere og analysere enkle datasett
- finne aktuell litteratur
- vise korrekt siteringspraksis og korleis ein kan unngå plagiering
- kommunisere vitskapeleg gjennom skriving og presentasjon ved vitskapelege møte
Kompetanse
Etter fullført emne skal studentane kunne
- vise evne til å reflektere over eigen forsking
- delta i diskusjon om og evaluering av alle sider ved eit forskingsprosjekt