Emner: INTH302 Epidemiology - Vår 2014




Studienivå (studiesyklus)

Master og PhD

Undervisningsspråk

Engelsk

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Senter for internasjonal helse, Universitetet i Bergen

Mål og innhald

Definisjon og omgrep:

- mål på sjukdomsførekomst og samanheng mellom eksponering og sjukdom

- epidemiologisk forskingsdesign

- evaluering av funn/resultat frå epidemiologiske studiar. Bias (feil). Konfounding (samanblanda faktorar)

- planleggje ein epidemiologisk studie

- feltarbeid

- demografi

- klinisk epidemiologi

Læringsutbyte

Etter fullført emne skal studentane kunne

- forstå hovudprinsippa i epidemiologisk forsking

- planleggje ein epidemiologisk studie

- vurdere ulike forskingsdesign

- tolke resultat frå epidemiologiske studiar

Krav til forkunnskapar

Minimum ein god bachelorgrad, jamfør krav for masterstudiet.

Krav til studierett

Ope for alle registrerte studentar på masternivå og / eller PhD-nivå ved Universitetet i Bergen.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Delta i førelesingar og gruppearbeid (krav 80% deltaging).

Vurderingsformer

Skriftleg prøve.

Karakterskala

Bestått/Ikkje bestått

Emneevaluering

Studentar evaluere undervisninga jamfør kvalitetsvurderingskrava ved Universitetet i Bergen. Evalueringsmetoden er elektronisk via internett (Mi side).

Kontaktinformasjon

Senter for Internasjonal helse, Tlf: 55588560; e-post: studie.cih@.uib.no