Emner: INTH313 Globalisation and Health - Høst 2014




Studienivå (studiesyklus)

Master og PhD

Undervisningsspråk

Engelsk

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Institutt for global helse og samfunnsmedisin

Mål og innhald

I kurset vil ein undersøke globale strategiar og strukturar som påverkar helse og helsevesen, og internasjonale helsestrategiske agendaer. Ein vil utforske dei komplekse samanhengane mellom helse og helsevesen og ulike sosioøkonomiske, kulturelle, politiske og strukturelle faktorar, og individuelle kjenneteikn på desse. Politiske, økonomiske og andre grunner til motsetningar i helse og helsevesen mellom og innan land vil verte diskutert. Fokus vil vere på faktorar som medverkar til ulikskapar og urettferd.

Vi vil diskutere strukturar, strategiar, praksis og rollene til dei største globale aktørane i helse (Verdas Handelsorganisasjon, Verdsbanken, Det internasjonale pengefondet, donorsamfunnet, FN-systemet (inkludert WHO og UNICEF), ikkje-statlege organisasjonar og private aktørar).

Vi vil vurdere staten si rolle i høve til ulike internasjonale initiativ, og kva for konsekvensar politikk og store globale aktørar sine avgjerder har for helse og helsevesen. Vi vil sjå spesielt på motivasjon for og konsekvensar av introduksjon av spesifikke strategiar. Vidare vil ringverknader av dei nye Globale Helseinitiativa og verkemiddel som trengs for å motverke krefter som leier til økt urettferd i helse og tilgang til helsevesen mellom og innan land og trongen for sunne strategiar i alle sektorar bli diskutert.

I kurset vil ein også undersøke leiande globale tekstar, i tillegg til globale normgivande tekstar som til dømes menneskerettane. Dei menneskelege ressursane for god helse og metodar for å hindre forskarflukt vil verte diskutert.

Hovudtema som vil verte dekka på førelesingar/seminar vil inkludere

- Kva er globalisering?

- Viktigheita av globale organisasjonar og aktørar innan global helse

- Helse og menneskerettar. Viktigheita av eit menneskerettsperspektiv for å forbetre global helse

- Økologisk økonomi, rettferd og helse

- Primærhelseteneste, frå Alma Ata til dagens situasjon

- Globalisering og dei sosiale faktorane som er avgjerande for god helse

- Menneskelege ressursar og kompetanseflukt

- Internasjonale HIV/AIDS-initiativ og koordinering av HIV/AIDS-program i afrikanske land

- Den menneskeskapte klimaendringa ¿ bevis og påverknader

- Internasjonale handelsavtalar og global helse

- Krig, valdelege konfliktar og helse

- Global helseleiing

- Er forskingsbasert innovasjon løysinga på globale helseproblem?

Læringsutbyte

Etter fullført emne skal studentane kunne

- vurdere dei politiske, økonomiske og andre grunner til skilnader i helse og helsevesen mellom og innan land, med fokus på korleis globale faktorar kan bidra til å auke urettferd

- vurdere kva for virkemiddel som bør verte tatt i bruk for å motverke kreftane som leier til økt urettferd i helse og tilgang til helsevesen mellom og innan land, og vere i stand til å diskutere trongen for sunne strategiar i alle sektorar

- gjere greie for konsekvensane politikk og praksisen til store globale aktørar, donorsamfunnet og ikkje-statlege og private aktørar har for helse og helsevesenet.

- utvikle metodar for å påverke makthavande aktørar på ulike nivå for å introdusere strategiar som fremjar helse og som avskaffar strategiar som har ugunstig effekt på helse og helsevesen

Krav til forkunnskapar

Opptak på masternivå og / eller PhD-nivå ved Universitetet i Bergen (t.d. TropEd Europe network).

Engelskkunne på eit nivå rundt TOEFL 550 eller IELTS 6.0

Krav til studierett

Opptak på masternivå og / eller PhD-nivå ved Universitetet i Bergen (t.d. TropEd Europe network).

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Dei fyrste 12 dagane vil kurset bestå av ei blanding av førelesingar og gruppearbeid/diskusjon rundt emna skildra i Mål og innhald. Kvar dag vil inkludere kritisk analyse av viktige artiklar innan global helse (omtrent tre timer lesing per seminar). Studentane vil verte gjeve ei liste over relevant litteratur med omtrent 15-25 sider per seminar.

Studentane må delta i gruppearbeid på gjevne tema. Kvar gruppe vil gjere ein presentasjon på 45 minutt.

Dei siste seks dagane er reservert for sjølvstudiar og skriving av eit essay på eit sjølvvalt emne innan globalisering og helse.

- 24 timar førelesing

- 24 timar gruppearbeid/seminar etter førelesing

- 36 timar førebuande sjølvstudium

- 24 timar gruppearbeid

- 42 timar essayskriving

Obligatorisk undervisningsaktivitet

- Obligatorisk deltaking på førelesingar og gruppearbeid

Vurderingsformer

Skriftleg oppgåve (essay omtrent 2000-2500 ord langt + referansar).

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta (ECTS credits).

Litteraturliste

Førelesingsnotat, gruppearbeid mm.

Emneevaluering

Studentar evaluerer undervisninga jamfør kvalitetsvurderingskrava ved Universitetet i Bergen. Evalueringsmetoden er elektronisk via internett (Mi side).

Kontaktinformasjon

Institutt for global helse og samfunnsmedisin, Tlf: 55588560; e-post: studie.cih@.uib.no