Emner: INTH323A Qualitative Methods for International Public Health - Vår 2014




Studiepoeng

3.0

Studienivå (studiesyklus)

Master og PhD

Undervisningsspråk

Engelsk

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Institutt for global helse og samfunnsmedisin

Mål og innhald

Kurset er eit inngåande kurs i kvalitative metodar for helsearbeidarar innan internasjonal samfunnsmedisin, for å utvikle kunnskap om bruk av ulike kvalitative forskingsmetodar. Kurset søkjer å førebu studentane på nytta av kvalitativ forsking i kryss-kulturelt arbeid som handlar om sensitive samfunnsmedisinske tema.

Kurset vil demonstrere nytta av desse metodane i planlegginga av helsefremjande og førebyggjande inngrep. Ulike tilnærmingar i koding og analyse av data innsamla frå kvalitativ forsking vil verte demonstrert og praktisert i øvingar. Styrkene og veikskapane til både kvalitative og kvantitative metodar vil verte undersøkt og nytteverden av ei multi-metodisk utfyllande tilnærming vil verte diskutert. Kurset inkluderer både didaktiske og praktiske øvingar i undervisinga. Studentane vil designe eit miniforskingsprosjekt og nytte kvalitative metodar i eit lite feltarbeid.

Hovudtema som vert dekka i undervisinga er:

- Introduksjon til antropologiske tilnærmingar i samfunnsmedisinsk forsking

- Introduksjon til kvalitative metodar; styrkar og veikskapar

- Djupintervju, fokusgruppediskusjon og deltakarobservasjon

- Korleis designe eit kvalitativt forskingsprosjekt

- Korleis utvikle intervjurettleiingar

- Korleis rapportere data: tjukke skildringar

- Problem med teieplikt og opplyst samtykke

- Kvalitativ dataanalyse; grunnteori og innholdsanalyse

Læringsutbyte

Kunnskapar:

Etter fullført kurs skal studentane kunne

- gjere greie for dei viktigaste kvalitative forskingsmetodane (djupintervju, fokusgruppediskusjon, deltakarobservasjon) og forklaringa for deira bruk i fremjing av praktisk internasjonalt helsearbeid

- kjenne att styrker og avgrensingar av kvalitative forskingsmetodar

 

Ferdigheiter:

Etter fullført kurs skal studentane kunne

- designe kvalitativ forsking ved å nytte ein eller fleire av desse kvalitative forskingsmetodane

- nytte prinsippa for koding og analyse av data innhenta gjennom bruk av kvalitative metodar

 

Generell kompetanse:

Etter fullført kurs skal studentane kunne

- vurdere kvaliteten til kvalitativ forsking

- kjenne att korleis ulike samfunnsmedisinske program kan verte planlagt og studert ved å kombinere kvantitative og kvalitative metodar for å styrke gyldigheit og pålitelegheit

Krav til forkunnskapar

Opptak på masternivå og / eller PhD-nivå ved Universitetet i Bergen (t.d. TropEd Europe network).

Engelskkunne på eit nivå rundt TOEFL 550 eller IELTS 6.0.

Krav til studierett

Ope for alle registrerte studentar på masternivå og / eller PhD-nivå ved Universitetet i Bergen (t.d. TropEd Europe network).

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Didaktiske og praktiske øvingar, med fokus på diskusjon og ei interaktiv tilnærming. Studentane vil også arbeide i små grupper for å formulere, utvikle og gjennomføre eit lite kvalitativt forskingsprosjekt ved å nytte ein eller fleire av metodane som vert diskutert i kurset. Studentane vil analysere resultata og gje presentasjonar.

Studentane skal delta i gruppearbeid om gitte tema. Gruppene vil presentere arbeidet i plenum.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatorisk oppmøte på all undervisning

Vurderingsformer

¿ Fullføre all førebuande lesing og gje eit samandrag av ein av dei gitte artiklane/kapitla i plenum

¿ Skriftleg øving (500 ord)

¿ Munnleg presentasjon og evaluering av kvalitativt forskingsprosjekt i plenum

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta (ECTS credits).

Emneevaluering

Studentar evaluerer undervisinga jamfør kvalitetsvurderingskrava ved Universitetet i Bergen. Evalueringsmetoden er elektronisk via internett (Mi side).

Kontaktinformasjon

Senter for internasjonal helse

Tlf.: 55588560; e-post: studie.cih@uib.no