Emner: INTH329 HIV-pandemien: utfordringer for forskning på bedre forebygging og omsorg - Vår 2014




Studiepoeng

5.0

Undervisningsspråk

Engelsk

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Institutt for global helse og samfunnsmedisin

Mål og innhald

Kurset er tverrfagleg og fokuserer både på biologiske, sosio-kulturelle og samfunnsmedisinske tema. Emnet famnar globalt, men med eit spesielt fokus på Afrika sør for Sahara. Hovudtema vil vere:

- HIV-pandemien: dynamikk og trendar, epidemiologiske tilnærmingar, status og trendar til HIV-smitta i verda: kontrastar i spreiing og leiting etter forklaringar på dette

- Sosial tolking og demografisk innverknad; den sosiale tolkinga av HIV/AIDS, sosial innverknad, stigma, fornekting og fortrulegheit

- Noverande biomedisinsk forståing: virus og sjukdom; diagnostikk, naturleg historie, opportunistiske infeksjonar, vaksineutvikling og prinsippa rundt antiretroviral terapi; hindring av smitte frå mor til barn

- Førebyggjande inngrep og hjelp/omsorg; sosiokulturell samanheng, kjønn og aldersrelatert sårbarheit i økonomiske veike samanhengar, landlege versus urbane samanhengar, korleis nå dei unge; skuleprogram, ungdom som droppar ut av skulen, ungdomsvenlege tilbod, etnisk-kulturelle samanhengar, rettleiande tilnærmingar og perspektiv, foreldrelause

- Kostnad-effektivitet og prioriteringar, kostnadseffektiv førebygging og omsorgsinngrep, kriterium for prioriteringar

- Økonomiske innverknader; vite kva som fungerer, kontrollerande og evaluerande system for å rettleie HIV/AIDS-program på tvers av sektorar

- Media og HIV; media si rolle, dokumentarfilmar, opplysingsfilmar, kulturspesifikke filmar

- Etikk og HIV

Læringsutbyte

Etter fullført kurs skal studentane kunne

- vise kunnskap om og forståing for biomedisinske fakta om HIV, inkludert diagnostikk, status og framtidsutsikter for utvikling av vaksine, og hindring av HIV-smitte frå mor til barn og HAART

- vise forståing for dei epidemiologiske samanhengane til HIV og kategorisere dei viktigaste metodane som vert nytta i overvaking og forsking, som undersøkingssystem for estimering av HIV-utbreiing i ulike omgivnader

- vise ei forståing for sosio-økonomiske og kulturelle samanhengar i HIV-smitte og knytte desse til utfordringar innan førebygging, hjelp og behandling

- samanlikne globale mønster i HIV-smitte og deira moglege forklaringar, og knytte desse til førebyggjande tilnærmingar som har vist seg å vere effektive

- vise forståing for demografiske innverknader (t.d. dødelegheit, fruktbarheit), sosiale innverknader og økonomiske innverknader (t.d. makro, mikro) på HIV-smitte

- diskutere utfordringar med prioriteringar knytt til HIV-inngrep og etiske nøkkelsaker som er involvert

- diskutere tilnærmingar innan rettleiing og perspektiv knytt til HIV

- diskutere problem knytt til stigma, fornekting og fortrulegheit

- skilje mellom media sine ulike roller i HIV-førebygging, inkludert dokumentarfilmar, opplysingsfilmar og kulturspesifikke filmar

Krav til forkunnskapar

Opptak på masternivå og / eller PhD-nivå ved Universitetet i Bergen (t.d. TropEd Europe network).

Engelskkunnskap på eit nivå rundt TOEFL 550 eller IELTS 6.0.

Krav til studierett

Ope for alle registrerte studentar på programma ¿Master of Philosophy in International Health¿, ¿Master of Philosophy in Oral Health¿ og ¿Master of Philosophy in Health Sciences, samt PhD-opptak ved Det medisinsk-odontologiske fakultet ved Universitetet i Bergen.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Interaktive presentasjonar frå førelesar, gruppearbeid, litteraturstudiar, studentpresentasjonar, gruppediskusjonar og individuell skriftleg oppgåve (essay)

Vurderingsformer

Presentasjonar frå gruppearbeid (30%), diskusjon (30%) og essay/skriftleg oppgåve (40%)

Karakterskala

Bestått/ikkje-bestått

Litteraturliste

Litteratur:

1. Report on the global HIV/AIDS epidemic 2002. UNAIDS, hard copy (kan verte lasta ned frå http://www.unaids.org)

2. AIDS epidemic update, December 2003. UNAIDS, hard copy (kan verte lasta ned frå http://www.unaids.org)

3. Artiklar

4. Førelesingsnotat

Emneevaluering

Studentar evaluerer undervisninga jamfør kvalitetsvurderingskrava ved Universitetet i Bergen. Evalueringsmetoden er elektronisk via internett

Kontaktinformasjon

Institutt for global helse og samfunnsmedisin

Tlf.: 55 58 85 71; e-post: studie.cih@uib.no