Emner: INTH330 Proposal Development - Høst 2014




Studiepoeng

12.0

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningsspråk

Engelsk

Undervisningssemester

høst + vår

Undervisningsstad

Senter for internasjonal helse, Universitetet i Bergen

Mål og innhald

Ein to dagars introduksjon med førelesingar som dekker alle kapittel av ein komplett forskingsprotokoll, med særskilt vekt på korleis ein skal formulere problemstillinga(ne) innan og målet med forskinga. Størstedelen av kurset utover introduksjonen vil vere studentane sitt eige arbeid med protokollen. Regelmessig diskusjon med rettleiar(ar) er ein viktig del av prosessen. «Eksamen» i emnet vil vere den ferdigstilte protokollen som vert evaluert og godkjent av vitskapleg personale ved SIH.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Ved slutten av kurset skal studentane kunne

- kjenne gangen i utarbeidinga av ein prosjektplan

- vite kva som er krav og reglar for etisk godkjenning-

- kjenne relevante datainnsamlingsverktøy

- ha kunnskap om relevante statistiske metodar

- ha kunnskap om kostnader ved eit forskingsprosjekt

 

Ferdigheiter

Ved slutten av kurset skal studentane kunne

- utarbeide detaljert plan over eit forskingsprosjekt

- velje relevant litteratur

- formulere problemstillingar med generelle og spesifikke mål

- skildre ein realistisk framdriftsplan, inkludert tid til datainnsamling

- sette opp eit realistisk budsjett

- formulere forventa resultat

 

Generell kompetanse

Ved slutten av kurset skal studentane kunne

- vurdere kvaliteten av ein prosjektplan

Krav til forkunnskapar

Minimum ein god bachelorgrad, jamfør krav for masterstudiet

Tilrådde forkunnskapar

INTH301 (Innføring i forskingsverktøy og teori) eller tilsvarande

Krav til studierett

Ope for alle registrerte studentar på programma ¿Master of Philosophy in International Health¿ og ¿Master of Philosophy in Oral Health¿ ved Universitetet i Bergen

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

To dagars teoretisk innføring og gruppearbeid. Individuelt arbeid med forskingsplan i nært samarbeid med rettleiar

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatorisk oppmøte (førelesingar, gruppearbeid)

Vurderingsformer

Skriftleg oppgåve (protokoll)

Karakterskala

Bestått/ikkje bestått

Emneevaluering

Studentar evaluerer undervisninga jamfør kvalitetsvurderingskrava ved Universitetet i Bergen. Evalueringsmetoden er elektronisk via internett.

Kontaktinformasjon

Senter for internasjonal helse, Tlf: 55588560; e-post: studie.cih@.uib.no