Emner: INTH360 Global Nutrition - Vår 2014




Undervisningsspråk

Engelsk (norsk om berre norskspråklege studentar)

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Senter for Internasjonal Helse, det medisinsk-odontologisk fakultet, Universitetet i Bergen

Mål og innhald

Kursinnhaldet er delt i tre delar:

1. Oversikt over verdas næringssituasjon sett i ljos av andre alvorlege forandringar verda står ovanfor, som til dømes fattigdom, vekst i folketalet, urbanisering, mangel på vatn og ulike miljøproblem. Tusenårsmåla og mat som ein menneskerett. Utbreiinga av globale ernæringsproblem og deira noverande tendensar

2. Helse og ernæring. Ernæring si påverknad på helse, næring og immunitet, fattigdomssjukdommar, mor og barn si helse, amming, HIV/AIDS og tuberkulose

3. Matproduksjon og ernæring i samfunn med få ressursar. Overblikk over jordbrukssystem i ulike delar av verda sett i samanheng med tema som kjønnsspørsmål, mattryggleik, sal av jordbruksprodukt og lokal deltaking i utviklingsplanlegging

 

Kurset består av førelesingar, demonstrasjonar, seminar og sjølvstudiar. Gruppediskusjonar retta mot fakultetet si noverande forsking, debatt og relevante artiklar. Eit gruppeprosjekt vert gitt som eit læremedel for å skildre aktuelle problem i fagfeltet.

Læringsutbyte

Ved fullført kurs skal studentane kunne

Krav til studierett

Ope for alle registrerte studentar på programma "Master of Philosophy in International Health", "Master of Philosophy in Oral Health" og "Master of Philosophy in Health Sciences", (inkludert TropEd), samt PhD-opptak ved Det medisinsk-odontologiske fakultet ved Universitetet i Bergen.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Kurset består av førelesingar, demonstrasjonar, seminar og sjølvstudiar. Gruppediskusjonar retta mot fakultetet si noverande forsking, debatt og relevante artiklar. Eit gruppeprosjekt vert gitt som eit læremedel for å skildre aktuelle problem i fagfeltet.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Demonstrasjonar, gruppearbeid, dataøvingar og eksamen er obligatorisk (krav; minst 80% deltaging).

Vurderingsformer

Skriftleg eksamen og presentasjon av gruppearbeid

Karakterskala

Bestått/ikkje-bestått

Litteraturliste

Handouts

Emneevaluering

Studentar evaluerer undervisninga jamfør kvalitetsvurderingskrava ved Universitetet i Bergen. Evalueringsmetoden er elektronisk via internett (Mi side).

Kontaktinformasjon

Senter for internasjonal helse

Tlf: 55588560; e-post: studie.cih@uib.no

Institutt

Senter for Internasjonal Helse