Emner: ITAL111 Italiensk språk I - Vår 2018
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Fulltid/deltid
Fulltid/deltid
Undervisningsspråk
Italiensk og norsk
Undervisningssemester
Vår
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
Emnet skal gi eit oversyn over lydsystemet i italiensk og ei systematisk innføring i italiensk grammatikk. Øvingane som inngår i emnet, har som mål å integrere grammatikken i studiet av enklare tekstar for å øve opp evna hjå studentane til å forstå italiensk og sjølve kunne uttrykkje seg.
Læringsutbyte
Etter fullført emne:
Kunnskapar
Studentane
- har grunnleggjande kunnskap om det italienske språksystemet
- har utvikla ei viss evne til å uttrykkje seg på italiensk
Dugleik
Studentane
- kan presentere og diskutere grammatiske problemstillingar i ein konkret tekst
Krav til forkunnskapar
Ingen formelle krav; sjå tilrådde førekunnskapar.
Tilrådde forkunnskapar
For å gjennomføre emnet, trengst det forkunnskapar i italiensk som svarar til nivå 2 frå vidaregåande skole eller til nivået frå ITAL001 eller ITAL100.
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved UiB.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga inneheld både oversynsførelesingar og timar der studentane arbeider aktivt med det språklege stoffet som er gjennomgått på førelesingane.
Det totale omfanget av undervisninga i emnet er normalt på 6 timar i veka i 12 veker.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studentalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart, og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Studentane må delta på totalt 10 fonetikkforelesingar for å ha høve til å gå opp til eksamen i emnet.
Alle obligatoriske arbeidskrav må være bestått i eitt og same semester.
Vurderingsformer
Eksamen er ein 6 timars skriftleg skoleeksamen i grammatikk med fleire einskildoppgåver. Det skal nyttast norsk eller italiensk for å svare på oppgåva i grammatikk.
Skoleeksamen kan bli digital.
Hjelpemiddel til eksamen
Studentane kan nytte eittspråkleg (italiensk-italiensk) ordbok godkjend av instituttet.
Karakterskala
Ved sensur av emnet nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Vår. Der er òg vurdering tidleg i haustsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.
Litteraturliste
Pensum er ein større italiensk grammatikk.
Eit presis pensumoversyn finn ein på Mitt UiB. Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Programstyret har ansvaret for fagleg innhald og oppbygging av studiet, og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Administrativt ansvarleg
Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.
Kontaktinformasjon
studierettleiar@if.uib.no