Emner: ITAL113 Italiensk kulturkunnskap - Høst 2018
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Fulltid/deltid
Fulltid/deltid
Undervisningsspråk
Italiensk og norsk
Undervisningssemester
Vår
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
Studenten skal få ei innføring i italiensk historie og kultur frå om lag 1800 og fram til i dag, og ei innføring i dei politiske, litterære og samfunnsmessige tilhøva i det 20. hundreåret. Studentane skal også vere i stand til å sjå italiensk samfunn og kultur i den historiske konteksten.
Tileigning av basiskunnskap om italiensk historie og samfunnstilhøve er nøye knytt til trening i å lese og uttrykkje seg skriftleg og munnleg på italiensk om desse emna.
Læringsutbyte
Etter fullført emne:
Kunnskapar
Studentane
- har tileigna seg kunnskapar som kan bidra til ei betre forståing av generelle kulturelle og samfunnsmessige tilhøve i Italia
Krav til forkunnskapar
Ingen formelle krav; sjå tilrådde førekunnskapar.
Tilrådde forkunnskapar
For å gjennomføre emnet, trengst det førekunnskapar i italiensk som svarar til nivå 2 frå vidaregåande skole eller til nivået frå ITAL001 eller ITAL100.
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved UiB.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga har form av oversynesførelesingar, munnlege øvingar og skriftlege øvingsoppgåver.
Det vert normalt undervist 6 timar kvar veke 12 veker.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studentalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart, og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Studentane må delta på eit obligatorisk rettleiingsmøte med faglærer for å få høve til å levere eksamensoppgåva.
Obligatoriske arbeidskrav er gyldige berre i undervisningssemesteret.
Vurderingsformer
ITAL113 har todelt eksamen:
- Eksamen er ei rettleidd semesteroppgåve på om lag 1800 ord skriven på fire veker parallelt med undervisninga på slutten av semesteret. Oppgåva skal skrivast på italiensk.
- Munnleg eksamen.
Ved fastsetjing av endeleg karakter i emnet tel semesteroppgåva 40 prosent og munnleg eksamen 60 prosent.
Begge deleksamenane må vere greidde i same semester.
Hjelpemiddel til eksamen
Karakterskala
Ved sensur av emnet nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Vår
Litteraturliste
Det faste pensumet blir spesifisert i pensumoversynet som gjeld for kvart emne. Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Programstyret har ansvaret for fagleg innhald og oppbygging av studiet, og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Administrativt ansvarleg
Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.
Kontaktinformasjon
studierettleiar@if.uib.no