Emner: ITAL201 Italiensk grammatikk og oversettelse - Vår 2018




Studiepoeng, omfang

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Fulltid/deltid

Fulltid/deltid

Undervisningsspråk

Italiensk og norsk

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet skal gje kjennskap til italiensk språk av i dag basert på eit pensum i grammatikk, som normalt vil vere på italiensk.

ITAL201 kombinerer grammatikk og omsetjing til og frå norsk basert på eit teoripensum og praktiske øvingar.

Læringsutbyte

Etter fullført emne:

 

Kunnskapar

Studentane

 

Dugleik

Studentane

 

Generell kompetanse

Studentane

Krav til forkunnskapar

Ingen formelle krav; sjå tilrådde førekunnskapar.

Tilrådde forkunnskapar

ITAL201 føreset førekunnskapar som svarar til emna på 100-nivå.

Studiepoengsreduksjon

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved UiB.

Arbeids- og undervisningsformer

Det vert gjeve om lag 4 timar undervisning i veka i 12 veker:

2 timar seminar i omsetjing frå italiensk til norsk og frå norsk til italiensk

2 timar førelesing i italiensk grammatikk.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studentalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart, og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studentar som skal ta eksamen i ITAL201 må ha levert ei godkjend omsetjing frå italiensk til norsk med eit refleksjonsnotat på ca 1000 ord, som kan skrivast på norsk eller italiensk.

Vurderingsformer

Eksamen i emnet er todelt:

 

1) Ein skriftleg skoleeksamen på fire timar i grammatikk. Grammatikkoppgåva vil vera på italiensk, og det skal svarast på italiensk.

2) Ein skriftleg skoleeksamen på fire timar i omsetjing frå italiensk til norsk og frå norsk til italiensk.

 

Dei to eksamensdelane er sjølvstendige delar av eksamen i emnet og tel kvar 50 prosent av den samla karakteren i emnet. Begge eksamensdelane må vere greidde i same semester.

 

Skoleeksamen kan bli digital.

Hjelpemiddel til eksamen

Studentane har høve til å nytte si eiga italiensk-italienske ordbok under eksamen.

 

Ordboka skal vera fri for tilføyingar.

Karakterskala

Ved sensur av emnet nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Vår. Der er òg vurdering tidleg i haustsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav. Begge eksamensdelane må vere greidd i same semester.

Litteraturliste

Omsetjingsdelen har eit teoripensum i omsetjingsvitskap. Grammatikkdelen har eit pensum som normalt vil vere ein grammatikk på italiensk. Pensum vert spesifisert i det pensumoversynet som gjeld til ei kvar tid. Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvaret for fagleg innhald og oppbygging av studiet, og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

studierettleiar@if.uib.no