Emner: ITAL252 Eldre italiensk litteratur - Høst 2014




Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Italiensk

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

ITAL252 omfattar studium av sentrale tekstar i eldre italiensk litteratur. Pensum inneheld sentrale tekstar frå 1300-tallet og 1500-tallet. Tekstane skal studerast i eit litteraturhistorisk og teoretisk perspektiv.

ITAL252 skal gje ei djupare og vidare forståing av eldre italiensk litteratur.

Læringsutbyte

Etter fullført emne har kandidaten:

- innsikt i dei utvalte pensumverka

- kunnskap om den kulturhistoriske konteksten til verka

- kunnskap om sentrale litterære omgrep

Etter fullført emne kan kandidaten:

- bruke dei tileigna omgrepa i sjølvstendige analysar av pensumtekster

- analysere tekstane tematisk og i kulturhistorisk perspektiv

- drøfte, skriftleg og munnleg, problemstillingar knytte til pensum

- formidle kunnskapar innanfor eige fagområde på munnleg og skriftleg italiensk

- planleggje og gjennomføre arbeidsoppgåver som strekkjer seg over ei viss tid

- vidareutvikle kunnskapane sine, dugleik og forståing gjennom vidare studium og yrkesliv

Krav til forkunnskapar

Ingen formelle krav, men ITAL252 føreset førekunnskapar som svarar til emna på 100-nivå.

Tilrådde forkunnskapar

100-nivå i italiensk eller tilsvarande

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved UiB.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Førelesingar og seminar

4 timer i veka i 12 veker

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Semesteroppgåva, som skal skrivast på fire veker, er rettleidd, og studentane må delta på to obligatoriske rettleiingsmøte for å ha høve til å levere oppgåva.

Obligatoriske arbeidskrav er gyldige i det påfølgjande semesteret etter det semesteret dei vart godkjende.

Vurderingsformer

Eksamen er todelt:

  1. Ei rettleidd semesteroppgåve, som skal skrivast på fire veker, på om lag 4000 ord skriven på italiensk.
  2. Ei munnleg eksamen der problemkrinsen for samtalen kan hentast frå heile pensumet i emnet.

Semesteroppgåva tel 40 prosent og den munnlege eksamen tel 60 prosent av den samla karakteren i emnet.

Kandidatar som får karakteren F på semesteroppgåva, får ikkje gå opp til munnleg eksamen. Kandidatar som får F på den munnlege eksamen, får F som samla karakter for emnet. Begge eksamensdelane må vere greidde i same semester.

Oppgåva fyller kravet til det sjølvstendige arbeidet som skal gå inn i bachelorgraden.

Karakterskala

Ved sensur av emnet nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.

Litteraturliste

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

studierettleiar@if.uib.no