ITAL252 omfattar studium av sentrale tekstar i eldre italiensk litteratur. Pensum inneheld sentrale tekstar frå 1300-tallet og 1500-tallet. Tekstane skal studerast i eit litteraturhistorisk og teoretisk perspektiv.
ITAL252 skal gje ei djupare og vidare forståing av eldre italiensk litteratur.
Etter fullført emne:
Kunnskapar
Studentane
Dugleik
Studentane
Generell kompetanse
Studentane
Førelesingar og seminar
4 timer i veka i 12 veker
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studentalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart, og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.
Semesteroppgåva er rettleidd, og studentane må delta på to obligatoriske rettleiingsmøte for å ha høve til å levere oppgåva.
I løpet av semesteret skal studenten også halde eit munnleg innlegg på omlag 15 minutt knytt til pensum. Innlegget vurderast til godkjent/ikkje godkjent.
Innlegget må vere godkjent og rettleiinga gjennomført i same semester for å gå opp til vurdering i emnet.
Obligatoriske arbeidskrav er berre gyldige i undervisningssemesteret.
Eksamen er todelt:
1. Ei rettleidd semesteroppgåve, som skal leverast inn innan 15. mai (eller første virkedag etter denne datoen), på om lag 4000-5000 ord skriven på italiensk.
2. Ei munnleg eksamen der problemkrinsen for samtalen kan hentast frå heile pensumet i emnet.
Semesteroppgåva tel 40 prosent og den munnlege eksamen tel 60 prosent av den samla karakteren i emnet.
Kandidatar som får karakteren F på semesteroppgåva, får ikkje gå opp til munnleg eksamen. Kandidatar som får F på den munnlege eksamen, får F som samla karakter for emnet. Begge eksamensdelane må vere greidde i same semester.
Oppgåva fyller kravet til det sjølvstendige arbeidet som skal gå inn i bachelorgraden.
I pensumoversynet på internett ligg det opplysningar om kva tekstar som til ei kvar tid er pensum.
Ein lyt òg skaffe seg grundigare kjennskap til forfattarane som er på pensum. Stoff om dei einskilde forfattarane finst i litteraturhistorier, leksika og kommentarbøker til pensumverka. Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.