Emner: JAP111 Japansk språk 2 - Vår 2014




Studienivå (studiesyklus)

 Bachelor

Undervisningsspråk

 Norsk

Undervisningssemester

 Kvar haust

Undervisningsstad

 Bergen

Mål og innhald

 JAP111 byggjer på JAP010 og JAP013 (NHH) og har vidare begynnarundervisning i og om det japanske språket, med vekt på språkstruktur, skriftspråk og normalt høfleg tale.

Læringsutbyte

Studentane skal

Krav til forkunnskapar

 Ingen

Tilrådde forkunnskapar

 JAP010 og JAP013 eller tilsvarande kunnskapar. Det er ein klar føremon å ta JAP111 og JAP112 i same semester.

Krav til studierett

 Emnet er ope for alle med studierett ved UiB.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

 Undervisninga vil bli gitt i form av førelesingar og gruppeundervisning i samtalegrupper.

6 førelesingar i veka i 12 veker.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Dette emnet har jamlege obligatoriske heimeoppgåver og nokre skriftteiknstestar. For å kunna gå opp til eksamen må alle vera godkjente. Deltaking i samtalegrupper er obligatorisk.

Dei godkjente arbeidskrava er gyldige i to semester utover undervisningssemesteret.

Vurderingsformer

 Tre timar skriftleg eksamen i lesedugleik, grammatikk og skrivedugleik. Eksamen vert arrangert kvart semester.

Karakterskala

 Ved sensur av emnet nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.

Fagleg overlapp

 JAP103

Vurderingssemester

 

Litteraturliste

Pensum inneheld ei innføringsbok i japansk med tilhøyrande arbeidsbok og cd-ar. Verket inneheld dialogtekstar, grammatikkutgreiingar, vokabular, øvingar og skriftteikn.

Det blir utarbeidd ei liste over tilrådd tilleggslitteratur (grammatikkbøker, oppslagsverk og øvingar på Internett).

Emneevaluering

 Undervisninga vert evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

 Institutt for framandspråk.

studierettleiar@if.uib.no eller studieveileder@if.uib.no