Emner: JAP251 Japan: Kultur og samfunn med semesteroppgave - Vår 2014




Studiepoeng

15.0

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

 Norsk

Undervisningssemester

 Kvar vår

Undervisningsstad

 Bergen

Mål og innhald

Målet er å gi breiddekunnskapar om det japanske samfunnet og om korleis det har utvikla seg til ein moderne nasjon. Ein skal òg få ei djupare forståing for einskilte, utvalte tema og få trening i kritisk lesing av ulike akademiske tekstar, og skriving av slike.

Læringsutbyte

Studentane skal

Krav til forkunnskapar

 Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Krav til studierett

 Emnet er ope for alle med studierett ved UiB.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga vil bli gitt i form av førelesingar og seminar.

2 timar per veke i 12 veker, samt 2 timars seminar kvar veke i 6 av dei 12 vekene.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk å delta i seminar om tema for semesteroppgåva. Dei som skal skriva oppgåve om sjølvvalt emne, må i staden gjennomføra ein munnleg presentasjon av semesteroppgåva i plenum. Seminardeltaking/presentasjon må godkjennast for at oppgåva skal kunna leverast. Det er obligatorisk å møta til rettleiing to gonger på semesteroppgåva.

Dei godkjente arbeidskrava er gyldige i to semester utover undervisningssemesteret.

Vurderingsformer

Ei rettleidd semesteroppgåve på 10-15 A4-sider med fastsett eller sjølvvalt emne.

Eksamen vert arrangert kvart semester. Det vert ikkje gitt rettleiing i semester utan undervisning.

Karakterskala

 Ved sensur av emnet nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.

Fagleg overlapp

 JAP210 og JAP250

Vurderingssemester

Litteraturliste

 Pensum består av artiklar frå bøker og tidsskrift som er eigna til diskusjon og framføring av argumentasjon.

Emneevaluering

Undervisninga vert evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

Institutt for framandspråk.

studierettleiar@if.uib.no eller studieveileder@if.uib.no

Institutt