Emner: JOU103 Journalistikkens former - Vår 2018




Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningsspråk

Norsk

 

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Media City Bergen

Mål og innhald

Målet med emnet er å føre dei metodiske, analytiske og teknologiske perspektiva frå JOU102 vidare. Omdreiingspunkt for utforskinga er no særleg dokumentar på ulike plattformar. Også kommentarsjangeren og nye journalistiske digitalformat har ein plass her. Journalistikken sine former opnar slik for analytisk djupnekunnskap, profesjonsretta refleksjon og praktisk trening i journalistisk historiefortelling i både tekst, lyd, stillbilde og video. Det blir lagt særleg vekt på å utvikle vidare innsikt i samspelet mellom det audiovisuelle og det verbale, og på forståing og drøfting av etiske retningslinjer og dilemma knytte til teknologiforståing og oppøving av digitale ferdigheiter.

Modul 1 gir grunnleggande innsikt i sentrale element ved reportasje/dokumentar som sjanger, uavhengig av plattform. Gjennom ein serie seminar og workshops blir det arbeidd med ulike forteljande tilnærmingar og korleis dei kan optimaliserast gjennom ulike verkemiddel på den einskilde plattforma. Innsikt i aspekt ved nærleik til miljø, personar og prosessar står sentralt. Studenten gjer oppgåver knytte til tre workshops om dokumentaren sine former. Etiske refleksjonar og dilemma er ein integrert del av modulen.

Modul 2 gir høve til spesialisering i dokumentar på valfri plattform. Avhengig av lærekrefter og aktuelle tema i samfunnsdebatten, vil ein i denne modulen gå djupare inn i aspekt ved til dømes kriminaljournalistikk, helse, økonomi, sport, kultur, innovasjon, miljø eller kjønn.

Modul 3 gir grunnleggande innsikt i sentrale aspekt ved kommentarar. Med kommentar forstår vi her både redaksjonelle kommentarar og kommentarar frå brukarar av til dømes kommentarfelt. Sjangeren blir utforska på tvers av plattformer og verktøy. Studenten trener seg på ulike former for kommentar gjennom strukturerte øvingar og oppgåver.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta enme ha følgjande læringsutbytte:

Kunnskap:

Studenten

Ferdigheiter:

Studenten

Generell kompetanse:

Studenten

Krav til forkunnskapar

JOU101, JOU102

Tilrådde forkunnskapar

MEPRO100

Studiepoengsreduksjon

Studentar som tidlegare har gjennomført MEVI165 og/eller MEVI168 oppmodast til å ta kontakt med studierettleiar.

Krav til studierett

Bachelorprogram i journalistikk

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesingar, workshops og rettleiing

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Dei obligatoriske aktivitetane må vere godkjende før studenten kan gå opp til eksamen.

Godkjente obligatoriske krav har ingen tidsavgrensing.

Vurderingsformer

Heimeeksamen

Karakterskala

Karakterskala A-F

Vurderingssemester

Haust

Emneevaluering

Emnet blir evaluert av studentane kvart tredje år, av faglærar kvart år

Programansvarleg

Programstyret ved Institutt for informasjons- og medievitskap

Administrativt ansvarleg

Det samfunnsvitskaplege fakultet, ved Institutt for informasjons- og medievitskap

Kontaktinformasjon

studieveileder.praktiskinfomedia@uib.no

Institutt

Institutt for informasjons- og medievitskap