Emner: KIN251 Kina: Kultur og samfunn med bacheloroppgave - Høst 2018




Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor.

Undervisningsspråk

Engelsk og kinesisk/norsk

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Målet er å gi breiddekunnskapar om det kinesiske samfunnet og om korleis det har utvikla seg til ein moderne nasjon. Ein skal òg få ei djupare forståing for einskilde, utvalde tema. Kandidatar vil få trening i kritisk lesing av ulike akademiske tekstar og skriving av slike.

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, dugleikar og generell kompetanse:
Etter fullført emne:

Kunnskapar
Kandidaten

- har fordjupa kunnskapar om enkelttema knytte til det kinesiske samfunnet.

Dugleikar
Studentane skal

- kunne delta i diskusjonar om Kina-relaterte tema ved å formulere argument og bidra med relevant kunnskap.

- kunne leite fram seriøs kjeldelitteratur om bestemte Kina-relaterte tema og angi og bruke dei i samband med oppgåveskriving.

- kunne lese akademisk tekst på engelsk eller norsk med kritisk og kunnskapsbasert blikk.

- kunne formulere ein problemstilling innanfor eit Kina-relatert tema, reflektere over omgrep og termar, handsame kjelder, argument og kunnskap og skrive om temaet på ein reflektert og grundig måte.

- kunne ta imot og lære av kritiske kommentarar mot eigen tekst både med omsyn til struktur, argumentasjon og formuleringar.  

Krav til forkunnskapar

Tilrådde forkunnskapar

God dugleik i engelsk.

Studiepoengsreduksjon

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved UiB.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisinga vil bli gitt i form av førelesingar og seminar.
2 timar per veke i 12 veker, samt 2 timars seminar i kvar veke i 6 av dei 12 vekene.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk å møte til rettleiing to gonger på semesteroppgåva. Det er også obligatorisk å gje ein 5-10 minutts presentasjon av oppgåva undervegs i semesteret.

 

Det er obligatorisk oppmøte til minst 50 prosent av undervisninga.

 

Dei godkjende arbeidskrava er gyldige i undervisningssemesteret og påfølgjande semester.

Vurderingsformer

Ei rettleidd bacheloroppgåve på minimum 5000 ord (minus referansar og vedlegg) skriven på anten engelsk, norsk eller kinesisk med fastsett eller sjølvvalt emne. Det vert ikkje gitt rettleiing i semester utan undervisning.

Hjelpemiddel til eksamen

Karakterskala

Ved sensur av emnet nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Eksamen vert arrangert i undervisningssemesteret og det påfølgjande semesteret for dei som har godkjende obligatoriske arbeidskrav.

Litteraturliste

Pensum består av artiklar frå bøker og tidsskrift som er eigna til diskusjon og framføring av argumentasjon.

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Undervisinga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvaret for fagleg innhald og oppbygging av studiet, og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Studierettleiar: mailto:studierettleiar@if.uib.nostudierettleiar@if.uib.no

Eksamensadministrasjon: eksamen@if.uib.no