Kandidaten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, dugleikar og generell kompetanse:
Etter fullført emne:
Kunnskapar
Kandidaten
- har fordjupa kunnskapar om enkelttema knytte til det kinesiske samfunnet.
Dugleikar
Studentane skal
- kunne delta i diskusjonar om Kina-relaterte tema ved å formulere argument og bidra med relevant kunnskap.
- kunne leite fram seriøs kjeldelitteratur om bestemte Kina-relaterte tema og angi og bruke dei i samband med oppgåveskriving.
- kunne lese akademisk tekst på engelsk eller norsk med kritisk og kunnskapsbasert blikk.
- kunne formulere ein problemstilling innanfor eit Kina-relatert tema, reflektere over omgrep og termar, handsame kjelder, argument og kunnskap og skrive om temaet på ein reflektert og grundig måte.
- kunne ta imot og lære av kritiske kommentarar mot eigen tekst både med omsyn til struktur, argumentasjon og formuleringar.
Det er obligatorisk å møte til rettleiing to gonger på semesteroppgåva. Det er også obligatorisk å gje ein 5-10 minutts presentasjon av oppgåva undervegs i semesteret.
Det er obligatorisk oppmøte til minst 50 prosent av undervisninga.
Dei godkjende arbeidskrava er gyldige i undervisningssemesteret og påfølgjande semester.
Pensum består av artiklar frå bøker og tidsskrift som er eigna til diskusjon og framføring av argumentasjon.
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.
Studierettleiar:
Eksamensadministrasjon: eksamen@if.uib.no