Mål:
Kurset skal gi studentar med svak kjemibakgrunn frå vidaregåande skule ein basis for vidare studium i kjemi eller andre realfag. Målet er å gi studentane ei forståing av korleis naturen og livet er bygd opp av kjemiske sambindingar Det er og eit mål at studenten skal få kjennskap til kjemiske prinsipp og prosessar som er sentrale for forståinga av andre naturvitskaplege fag.
Innhald:
Kjemi er studiet av oppbygginga, eigenskapane og reaksjonane til stoff. Av tema som kan inngå nemnast: Atom og molekyl, periodesystemet, typar av sambindingar, namnsetjing, funksjonelle grupper, støkiometri (mol, konsentrasjon, gasstrykk), reaksjonstypar, kjemisk jamvekt, enkel varmelære.
Deler av pensumet kan bli illustrert med praktiske demonstrasjonsforsøk.
Kunnskapar:
Ferdigheter
Generell kompetanse:
Undervisninga gis i form av førelesningar og kollokvier
Forelesningar: 4 timer pr veke i X veker
Kollokvier: 2 t per veke i X veker
Innleveringsoppgåver (gyldige i 5 påfølgande semester).
Oppgåver, journalar og andre obligatoriske innleveringar må leverast innan fastsette fristar for å få obligatoriske aktivitetar godkjende og for å få tilgang til avsluttande eksamen i emnet.
Mappeevaluering basert på:
Utfyllande eksamensreglar:
1. Obligatorisk innlevering er gyldig i 5 påfølgande semester.
2. Midtsemestervurdering og slutteksamen har berre gyldigheit i same semester som dei gjennomførast.
3. I semester med undervisning:
a) Studentar utan godkjend obligatorisk innlevering frå tidlegare semester må gjennomføre mappeevaluering.
b) Studentar med godkjend obligatorisk innlevering frå tidlegare semester kan
Enten:
I) Etter skriftleg melding til instituttet innan fristen for eksamensoppmelding, delta i mappeevalueringa, og må då gjennomføre alle delane av mappeevalueringa inneverande semester, inkludert midtsemestervurdering og avsluttande eksamen.
Eller
II) Berre avlegge avsluttande eksamen. Resultatet frå denne eksamen utgjer då heile karaktergrunnlaget.
4. I semester utan undervisning:
a) Studentar med godkjend obligatorisk innlevering kan ta avsluttande eksamen, som då utgjer karaktergrunnlaget.
b) Studentar utan godkjend obligatorisk innlevering frå tidlegare kan ikkje avlegge eksamen.
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Oversikt over tidligere emneevalueringar:
https://kvalitetsbasen.app.uib.no/?faknr&instnr1