Vår (Fargekode: gul). Emnet har eit avgrensa tal plassar og inngår i undervisningsopptaket. Meir info:http://www.uib.no/matnat/utdanning/studiehverdag/undervisningsopptaket
Emnet gir ei innføring i korleis metallkompleks vert danna, fungerer og reagerer. Bindingstypane mellom metallet og forskjellige typar ligander er eit sentralt moment. Historisk og moderne bruk av metallkompleks innanfor industriell katalyse blir omtala. Laboratoriekurset illustrerar metallkompleksers bruksmåte og eigenskaper som funksjon av pH og omgivande kjemisk miljø. Klassifisering og identifisering av uorganiske ioner i ein ukjent prøve blir utført i detalj.
Etter fullført emne KJEM122 skal studenten kunne:
Laboratoriekurs med journalføring. Obligatorisk prøve som må vere bestått. Gjennomførte obligatoriske aktivitetar er gyldige i 6 påfølgande semester.
Godkjend HMS-kurs. Dersom du ikkje har godkjend HMS-kurs ved Kjemisk institutt, UiB frå tidlegare, må kurset takast same semester i forkant av undervisninga. Meir om HMS-kurset på adresse: http://www.uib.no/kj/utdanning/obligatorisk-hms-kurs
Skriftleg eksamen (4t). Tillatne hjelpemiddel på avsluttande eksamen: Enkel kalkulator i samsvar med modell oppført i fakultetets reglar. Book of Data. Nuffield Advanced Science.
Obligatoriske innleveringar må leverast innan fastsette fristar for å få obligatoriske aktivitetar godkjende og for å få tilgang til avsluttande eksamen i emnet.