Emner: KJEM140 Molekylær fysikalsk kjemi - Høst 2014




Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Vår (Fargekode: raud).

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet inneheld enkel kvantemekanikk som: 1) Vidarefører den kjemiske bindingslæra frå KJEM110 (og KJEM120), og: 2) Vert nytta til ei grunnleggande innføring i viktige spektroskopiske metodar som f.eks. UV/Vis og IR. Emnet omfattar i tillegg enkel statistisk mekanikk (m.a. Boltzmann-fordeling) for å gje ein molekylær basis for dei fysikalske og termodynamiske omgrepa som vert introduserte i KJEM110. Det vil bli vist konkrete døme på korleis molekylære eigenskapar, ved hjelp av enkle kvantemekaniske modellar og spektroskopiske data, via statistisk mekanikk kan forklara og systematisera makroskopiske termodynamiske eigenskapar. Desse kan f.eks. vera kjemiske reaksjonar, løysingar, ideelle og reelle ein- og fleiratomige gassar, jamvektskonstantar i gassfase, gitter, absorpsjon m.m. Fritt tilgjengeleg programvare vert nytta til visualisering og utrekningar på kurset.

 

 

Læringsutbyte

Etter fullført emne KJEM140 skal studenten kunne:

Krav til forkunnskapar

KJEM110 og MAT101/MAT111 (eller tilsvarande)

Tilrådde forkunnskapar

KJEM120 og PHYS101

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatoriske oppgåver.

Vurderingsformer

Godkjende obligatoriske oppgåver. Skriftleg eksamen (4t). Tillete hjelpemiddel på avsluttande eksamen:Enkel kalkulator i samsvar med modell oppført i fakultetets reglar.

Oppgåver, journalar og andre obligatoriske innleveringar må leverast innan fastsette fristar for å få obligatoriske aktivitetar godkjende og for å få tilgang til avsluttande eksamen i emnet.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Fagleg overlapp

KJEM212: 5stp.

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

Forelesar og administrativ kontaktperson finn du på Mi side, kontakt ev studiekonsulenten på Insituttet.