Emner: KJEM203 Petroleumskjemi - Høst 2014




Studiepoeng

10.0

Undervisningsspråk

Engelsk.

Undervisningssemester

Kvar andre haust (neste gong haust 2015) (Fargekode: grøn)

 

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Kurset oppsummerar den kjemiske samansetnaden og dei fysiske eigenskapane til petroleum og alternative motor-drivstoff. Ulike mål for kvalitet vert gjennomgått. I tillegg vert metodar for fraksjonering og analyse av olje- og gass presentert, saman med det kjemiske grunnlaget for dei vanlegaste raffineringsmetodane gjennomgått. Kurset gir også ei oversikt over produktspekteret frå raffinering av olje. Vidare vert tema som oljeforureining, alternative drivstoff og fluid- eigenskapar for petroleumsblandingar tatt opp. Eit litteraturbasert gruppearbeid innan energiressursar eller karakterisering av oljer inngår i kurset.

Læringsutbyte

Etter fullført emne KJEM203 skal studenten kunne:


Krav til forkunnskapar

KJEM110

Tilrådde forkunnskapar

KJEM130

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Prosjektoppgåve med munnleg presentasjon. Obligatoriske aktivitetar er gyldige i seks påfølgande semester.

Vurderingsformer

Skriftleg eksamen (4t). Dersom 4 eller færre oppmeldte kan det bli munnleg eksamen.

Obligatoriske aktivitetar er gyldige i seks påfølgande semester.

Tillatne hjelpemiddel på skriftleg eksamen: Enkel kalkulator i samsvar med modell oppført i fakultetets reglar

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Fagleg overlapp

K203: 10stp

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kun semesteret emnet vert undervist og det påfølgende semesteret.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

Forelesar og administrativ kontaktperson finn du på Mi side, kontakt ev studiekonsulenten på instituttet.