Emner: KJEM203 Petroleumskjemi - Vår 2014
Undervisningsspråk
Engelsk.
Undervisningssemester
Kvar andre haust (neste gong haust 2015) (Fargekode: grøn)
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
Kurset oppsummerar den kjemiske samansetnaden og dei fysiske eigenskapane til petroleum og alternative motor-drivstoff. Ulike mål for kvalitet vert gjennomgått. I tillegg vert metodar for fraksjonering og analyse av olje- og gass presentert, saman med det kjemiske grunnlaget for dei vanlegaste raffineringsmetodane gjennomgått. Kurset gir også ei oversikt over produktspekteret frå raffinering av olje. Vidare vert tema som oljeforureining, alternative drivstoff og fluid- eigenskapar for petroleumsblandingar tatt opp. Eit litteraturbasert gruppearbeid innan energiressursar eller karakterisering av oljer inngår i kurset.
Læringsutbyte
Etter fullført emne KJEM203 skal studenten kunne:
- gjere greie for kjemisk samansetnad og fysiske eigenskapar til petroleum, petroleumsprodukt og fornybare drivstoff.
- kjenne kriterium for kvalitet på petroleumsprodukt og fornybare drivstoff.
- gje ei oversikt over det kjemiske grunnlaget for sentrale foredlingsprosessar.
- gjere greie for ressurssituasjonen for petroleum og alternative fornybare ressursar.
- innhente informasjon og sjølvsendig vurdere problemstillingar omkring prosesser for utvinning og bruk av petroleum og petroleumsprodukt frå ulike kjelder og ulike typar fornybare drivstoff.
Krav til forkunnskapar
KJEM110
Tilrådde forkunnskapar
KJEM130
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Prosjektoppgåve med munnleg presentasjon. Obligatoriske aktivitetar er gyldige i seks påfølgande semester.
Vurderingsformer
Skriftleg eksamen (4t). Dersom 4 eller færre oppmeldte kan det bli munnleg eksamen.
Obligatoriske aktivitetar er gyldige i seks påfølgande semester.
Tillatne hjelpemiddel på skriftleg eksamen: Enkel lommekalkulator i tråd med retningslinjene til fakultetet.
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Fagleg overlapp
K203: 10stp
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kun semesteret emnet vert undervist og det påfølgende semesteret.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Kontaktinformasjon
Forelesar og administrativ kontaktperson finn du på Mi side, kontakt ev studiekonsulenten på instituttet.