Emner: KJEM221 Grunnleggende kvantemekanikk - Vår 2018
Undervisningsspråk
Norsk.
Undervisningssemester
Haust
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
Emnet har som mål å gi ei systematisk innføring i grunnleggjande kvantemekanikk med utgangspunkt i nokre få aksiom. Dette skjer ved hjelp av ei rad løysbare modellsystem av stigande kompleksitet. Ein viser korleis desse systema kan skildrast ved hjelp av kvantemekanikk og korleis fenomen som ikkje har motstykke i klassisk mekanikk, oppstår. Den kvantemekaniske teorien for vinkelmoment blir presentert. Studentane lærer ulike matematiske teknikkar for å finne tilnærma løysingar for kvantemekaniske system. Mange molekyl er i større eller mindre grad symmetriske, og emnet viser korleis symmetrien kan utnyttast ved løysing av kvantemekaniske problem. Presentasjonen nyttar i stor grad omgrep henta frå lineær algebra.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten
- kjenner til grunnleggjande storleikar i den kvantemekaniske teorien og korleis desse inngår i analyse av idealiserte måleprosessar.
- er kjent med kvantemekaniske fenomen og løysinger av kvantemekaniske modellar for utvalde modellsystem.
- beskrive elektroniske og spektroskopiske system ved hjelp av teorien for kvantemekaniske vinkelmoment.
Ferdigheiter
Studenten kan
- forklare ulike elektroniske prosessar ved hjelp av kvantemekaniske modellar
- bruke matematiske teknikkar for å finne tilnærma løysingar av Schrödingerlikninga for kvantemekaniske modellar.
- analysere molekylær symmetri og utnytte dette ved bestemming av orbitalar
Generell kompetanse
Studenten kan
- reflektere rundt matematisk modellering av molekylære system
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
MAT121
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
Undervisninga gis i form av førelesningar og rekneøvingar.
Førelesing: 4t pr. veke i 14-15 veker.
Rekneøving: 2t pr veke i 13-14 veker
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ein må ha minst 6 av 13-14 rekneøvingar godkjent. Slik godkjenning krev personleg frammøte. Godkjent obligatorisk aktivitet er gyldig i 5 påfølgande semester etter godkjenninga.
Vurderingsformer
Digital skriftleg skuleeksamen (4t). Dersom det er få deltakarar på kurset kan det bli munnleg eksamen.
Hjelpemiddel til eksamen
Enkel kalkulator i samsvar med modell oppført i fakultetets reglar og fem (5) A4-sider med studentane sine eigne notat.
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Fagleg overlapp
PHYS201: 10stp, K221: 10 stp
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester. I semesteret utan undervisning er eksamen tidleg i semesteret.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Oversikt over tidlegare emneevalueringar:
https://kvalitetsbasen.app.uib.no/?faknr&instnr1
Kontaktinformasjon
Forelesar og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt ev studiekonsulenten på instituttet.