Haust. Emnet har eit avgrensa tal plassar og inngår i undervisningsopptaket. Meir info: http://www.uib.no/matnat/utdanning/studiehverdag/undervisningsopptaket Masterstudentar har fyrsteprioritet på emnet.
Kurset skal gje ei innføring i korleis ein kan analysere organiske sambindingar ved hjelp av moderne kromatografiske og spektroskopiske metodar. Kurset dekkjar både kromatografiske separasjonsteknikkar og spektroskopiske metodar for oppklåring av strukturer av organiske sambindingar.
Av spektroskopIske metodar går ein inn på infraraud- (IR), ultrafiolett- (UV)og kjernemagnetisk resonans-(NMR) spektroskopi, og massespektrometri (MS). Kromatografidelen omhandlar teknikkar basert på adsorbsjon-, fordeling-, ionebytting- og eksklusjonsprinsipp. Vidare vert prøveopparbeiding, kvantitativ analyse og kombinerte metodar med kromatografisk separasjon og spektroskopisk deteksjon behandla. Aktuelle problemstillingar henta frå industri (farmasøytisk-, matvare-, etc.) og kontrollarbeid (miljø-, doping-, etc.) vert presentert.
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten
Ferdigheiter
Studenten
Skriftleg eksamen (4t).
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Oversikt over tidlegare emneevalueringar:
https://kvalitetsbasen.app.uib.no/?faknr&instnr1