Emner: KJEM299 Bachelorprosjekt i kjemi - Vår 2014




Studiepoeng

10.0

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Vår.
Emnet har eit avgrensa tal plassar og inngår i undervisningsopptaket. Meir info: http://www.uib.no/matnat/utdanning/studiehverdag/undervisningsopptaket

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Målet med kurset er å gje studenten erfaring med vitskapelig arbeid, i form av planlegging, gjennomføring og munnleg og skriftleg presentasjon av resultat frå eit vitskapeleg prosjekt. Kurset gjev ei innføring i bibliotekarbeid og kjeldebruk, HMS-vurdering, og presentasjonsteknikk. Vidare vil studentane definere ei avgrensa teoretisk eller praktisk forskingsoppgåve i samarbeid med interne eller eksterne rettleiarar, gjennomføre arbeidet og presentere det munnleg i grupper og i ein skriftleg individuell rapport/oppgåve.

Læringsutbyte

Etter fullført emne KJEM299 skal studenten kunne:

Krav til forkunnskapar

KJEM110, KJEM120, KJEM122, KJEM130, KJEM131, KJEM140

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller opptakskravet. Emnet er ope kun for studentar med opptak på Bachelorprogram i kjemi.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Førelesingar: Kurset vert undervist i bolkar .

Innleiingsdel: Bibliotekskurs : 10 timar, HMS-orientering: 4 timar, Presentasjonsteknikk: 12 timar; Orientering om vitskapeleg metode og skriftleg presentasjon: 6 timar; Totalt 32 timar.

Prosjektarbeid: 4 veker (studentane arbeider normalt i grupper på 2-3 studentar, alternativt kan ein arbeida aleine).

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er krav om minimum 80 % deltaking i undervisninga på innleiingsdelen. Munnleg framføring av prosjektet.

Obligatorisk deltaking i undervisninga i innleiingsdelen er gyldig i 2 påfylgjande semester.

Individuell skriftleg oppgåve. Kvar student vert vurdert individuelt. Deltakarar på same gruppe kan gis ulike karakter basert på den skriftlege innleverte oppgåva.

Vurderingsformer

Individuell skriftleg oppgåve. Kvar student vert vurdert individuelt. Deltakarar på same gruppe kan gis ulike karakterar basert på den skriftlege innleverte oppgåva.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalen A-F nytta.

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

Forelesar og administrativ kontaktperson finn du på Mi side, kontakt ev. studiekonsulenten på Kjemisk institutt.