Emner: KJEM299 Bachelorprosjekt i kjemi - Vår 2024
Studiepoeng
10.0Undervisningsspråk
Norsk
Undervisningssemester
Vår.
Emnet har eit avgrensa tal plassar og inngår i undervisningsopptaket. Meir info: http://www.uib.no/matnat/utdanning/studiehverdag/undervisningsopptaket
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
Målet med kurset er å gje studenten erfaring med vitskapelig arbeid, i form av planlegging, gjennomføring og munnleg og skriftleg presentasjon av resultat frå eit vitskapeleg prosjekt. Emnet inkluderer HMS II-kurs. Vidare vil studentane definere ei avgrensa teoretisk eller praktisk forskingsoppgåve i samarbeid med interne eller eksterne rettleiarar, gjennomføre arbeidet og presentere det munnleg i grupper og i ein skriftleg individuell rapport/oppgåve.
Læringsutbyte
Etter fullført emne KJEM299 skal studenten kunne:
- Orientere seg i skriftlege kjelder for kjemisk vitskapelig litteratur
- Planlegge og gjennomføre eit avgrensa prosjekt
- Presentere vitskapelege resultat skriftleg og munnleg
Krav til forkunnskapar
KJEM110, KJEM120, KJEM130, KJEM131/KJEM124, KJEM210
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller opptakskravet. Emnet er ope kun for studentar med opptak på Bachelorprogram i kjemi.
Arbeids- og undervisningsformer
Førelesingar: Kurset vert undervist i bolkar .
Prosjektarbeid: 6 veker (studentane arbeider normalt i grupper på 2-3 studentar, alternativt kan ein arbeida aleine).
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Det er krav om minimum 80 % deltaking i undervisninga på innleiingsdelen. Munnleg framføring av prosjektet.
Obligatorisk deltaking i undervisninga i innleiingsdelen er gyldig i 2 påfylgjande semester.
Individuell skriftleg oppgåve. Kvar student vert vurdert individuelt. Deltakarar på same gruppe kan gis ulike karakter basert på den skriftlege innleverte oppgåva.
Vurderingsformer
Individuell skriftleg oppgåve. Kvar student vert vurdert individuelt. Deltakarar på same gruppe kan gis ulike karakterar basert på den skriftlege innleverte oppgåva.
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalen A-F nytta.
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Oversikt over tidlegare emneevalueringar:
https://kvalitetsbasen.app.uib.no/?faknr&instnr1
Kontaktinformasjon
Emnet eigast av kjemisk institutt.
Kontakt mailto:studieveileder@kj.uib.nostudieveileder@kj.uib.no