Emner: KJEM306 NMR-spektroskopi II - Høst 2014




Undervisningsspråk

Engelsk

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet gjev ei innføring i teorien for moderne puls NMR-spektroskopi i væsker, med vekt på produktoperatorteori for første ordens spinnsystem i ein- og to-dimensjonale homo- og heteronukleære pulseksperiment. Pulssekvensdiagram, fasesykling, gradientseleksjon og koherensoverføringsvegar/-skjema vert gjennomgåtte. Produktoperatorteorien gjer det mogleg å analysera og forklara ei rekkje viktige pulseksperiment som ein ikkje kan med den enkle vektormodellen. Pulssekvensane som vert gjennomgått, har studentane allereie praktisk kjennskap til frå KJEM251. For dei pulssekvensane som krev det, tek kurset også med ei grundigare handsaming av eit utvalg av følgjande tema: Til dømes andre ordens spinnsystem, relaksasjon, den nukleære Overhauser-effekten, kjemisk utveksling eller diffusjon. Høvelege simuleringsprogram blir brukte til å illustrera dei teoretiske prinsippa og for å gjera det mogleg å bruka produktoperatorar i praksis.

Læringsutbyte

Etter fullført emne KJEM306 skal studenten kunne:

Krav til forkunnskapar

KJEM251 eller tilsvarende

Tilrådde forkunnskapar

KJEM221, MAT121 eller tilsvarende. KJEM220 er også nyttig.

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til eit masterprogram/Ph.d-utdanninga ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav

Vurderingsformer

Skriftleg eksamen (4 t). Dersom 4 eller færre oppmeldte kan det bli munnleg eksamen.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Fagleg overlapp

K305: 10 stp, K305A: 10 stp

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

Forelesar og administrativ kontaktperson finn du på Mi side, kontakt ev studiekonsulenten på instituttet.