Emner: KJEMDID200 Kjemididaktikk - Vår 2014




Studiepoeng

5.0

Undervisningsspråk

Norsk. Engelsk kan bli brukt ved behov.

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Dette kurset vil drøfte kjemien sin eigenart samanlikna med dei andre realfaga. Fordi mesteparten av det vi kallar kjemiske prosessar ikkje kan observerast direkte, vil kurset ta opp bruk av modellar til å forklare og tolke prosessar på submikroskopisk nivå. Døme frå forskjellige område (koking, hushald , vekst, degradering og korrosjon) vil bli nytta for diskutere tilnærmingar til karakterisering av kjemiske prosessar. Vidare vil kurset ta opp elevar sine kvardagsførestillingar og barrierar elever kan ha mot læring i kjemi. Kurset vil også diskutere bruk av praktisk arbeid og korleis dette kan bidra til læring hos elevar. Kurset skal hjelpe studenten å utvikle undervisning som kan fremme forståing i staden for utanåtlæring .

Læringsutbyte

Studentane skal kunne

Tilrådde forkunnskapar

PEDA111, RDID100, PEDA112, NATDID201 og 50 studiepoeng i kjemifaglege emne.

Krav til studierett

Studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet si integrerte lektor- og adjunktutdanning.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Bestått rettleia praksis i skolen

To obligatoriske oppgåver henta frå praksis eller forelesingane (gyldig i to semester; inneverande og påfølgjande)

Vurderingsformer

Prosjektoppgåve eller munnleg eksamen

I lektorprogrammet tar ein to av emna MATDID202, KJEMDID200, BIODID200, PHYSDID200. Om ein vel prosjektoppgåve på det eine emnet, må ein velge munnleg eksamen på det andre.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

Studiekonsulent for lærarutdanninga ved MN, studieveileder.laerer@mnfa.uib.no