Emner: KOGSTAT Statistikk for kognisjonsforskning - Vår 2024




Studiepoeng

5.0

Studiepoeng, omfang

5 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk, engelsk ved behov

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet skal gi studentane ei innføring i hypoteseprøving innan kognitiv vitskap. Emnet gir eit grunnlag til forståing av statistisk hypoteseformulering, forsøksplanlegging, og analyse av resultat med statistiske testar. Emnet gir ei forståing for normalfordeling, z-verdiar, og parametriske og ikkjeparametriske testar.Studentane vil bli kjende med omgrep som varians, standardavvik, sentralmål, statistisk signifikans, relevans, og type I- og II-feil. Studentane skal kunne lese og evaluere vitskapleg litteratur med statistisk argumentasjon. Dei skal kunne grunnlaget for evaluering av statistisk signifikans og relevans. Undervisninga er lagd opp sånn at studentane skal sjå korleis statistikk er relevant for kognisjonsvitskap ved hjelp av relevante eksempel. Dei skal òg kunne velje ein riktig statistisk test.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Kandidaten har kunnskapar om...

Ferdigheiter

Kandidaten kan...

Generell kompetanse

Kandidaten kan...

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Studiepoengsreduksjon

DASP106: 5 studiepoeng

DASP302: 5 studiepoeng

DASPSTAT: 5 studiepoeng

LINGSTAT: 5 studiepoeng

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen

Arbeids- og undervisningsformer

Forelesingar, sjølvstudium og øvingar. Aktiv deltaking er ein føresetnad for emnet. Det er ikkje ein føresetnad at alle moment i målsetjingane skal verte dekte av førelesningar og seminar; eit visst mål av sjølvstudium vert forventa gjennom lesing av pensumlitteratur og øvingar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Tre dagars skriftleg øvingsoppgåve på ca. 1 side. Øvingsoppgåva må vere godkjend for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.

Vurderingsformer

Skriftleg eksamen på tre timar

Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.

Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

A - F

Vurderingssemester

Vår. Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret. Ny eksamen påfølgande semester berre for studentar med https://www.uib.no/student/116194/syk-p%C3%A5-eksamenrett til ny vurdering.

Litteraturliste

Ca. 200 sider undervisningslitteratur og 200 sider med dokumentasjon.

Emneevaluering

Evaluering av tilbodet vert gjennomført i trad med UiBs kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret for lingvistikk, i samråd med programstyret for kognitiv vitskap

Emneansvarleg

Programstyret for lingvistikk, i samråd med programstyret for kognitiv vitskap

Administrativt ansvarleg

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Kontaktinformasjon

studierettleiar.lle@uib.no