Emner: KOPRA101 Skolen og lærerrollen i praksis - Høst 2014




Studiepoeng

0.0

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Praksisskular og temaseminar på UiB/i skulen

Mål og innhald

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

 

Kunnskapar:
Studenten skal:

- kjenne til læraren sin ulike rollar og ansvarsoppgåver
- ha forståing for korleis ulike situasjonar og rammevilkår påverkar utøvinga av lærarrolla
- ha innsikt i korleis ulike praktiske situasjonar påverkar observasjonspraksis

 

Ferdigheter:

Studenten kan:

-kommunisere med elevar og lærarkollegaer
-reflektere over kompleksiteten i lærarrolla

-anvende observasjon som metode i ulike settingar i skulen

-føre observasjonsnotat og logg til bruk i eige utviklingsarbeid

 

Generell kompetanse:

Studenten skal:

- møte elevar og framtidige kollegaer med ein open og interessert haldning

- reflektere over skulefaglege utfordringar i lys av praktiske eksempel

Krav til forkunnskapar

Ingen

Krav til studierett

Ein må ha studierett på eit av UiB sine lektorutdanningsprogram.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Form: praksis

 

HF-studentar: 12 dagar - totalt 72 timar

MN-studentar: 7 dagar - totalt 42 timar

Dette inkluderer en dags for ¿og etterarbeid for begge gruppene. For HF-studentane inkluderer det i tillegg to forberedte temaseminar arrangert av praksisfeltet.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatorisk oppmøte i praksis. Obligatorisk å delta på for- og etterarbeid i samband med praksis.

Aktiv deltaking i heile praksisperioden, gjennom direkte kommunikasjon med både elevar og lærer-kollegaer.

Utarbeiding av observasjonsskjema. Studentane skal utarbeide ein rapport som byggjer på observasjonane som er gjort i praksis med tilhørande analytiske og metodiske refleksjonar og legge disse frem munnleg for medstudentar. Presentasjonen blir vurdert som godkjent/ikkje godkjent.

Loggføring for alle praksisdagar.

Forberedingsnotat til temaseminara.

Vurderingsformer

Aktiv deltaking med vekt på kommunikasjon med lærare og elever og utøving av aktiv observasjon.

Karakterskala

Bestått/ikkje bestått

Litteraturliste

Oppgåvesett for observasjon vert delt ut på seminar i emnet PEDA120.

Emneevaluering

Emnet blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

Har du spørsmål? Kontakt administrasjonen på laerer@uib.no eller på studierettleiar.psyfa@uib.no