Emner: KUN121 Kunst og arkitektur i antikk og middelalder (ca. 600 f.Kr-1400) - Vår 2014




Studiepoeng

15.0

Studienivå (studiesyklus)

 Bachelor

Undervisningsspråk

 Norsk

Undervisningssemester

 Vår

Undervisningsstad

 Bergen

Mål og innhald

 Undervisninga skal gi eit innblikk i kunst og visuell kultur i antikken og mellomalderen. Førelesingsrekka starter med ei innføring i sentrale tolkingsverktøy (arkitekturanalyse, bilettolking). Innan antikken vert gresk kunst og arkitektur frå arkaisk til og med hellenistisk tid ca. 600 f. Kr ¿ ca. år 0), og romersk kunst og arkitektur til og med seinantikken og tidleg kristen tid lagt særleg vekt på. Mellomalderen dekker bysantinsk kunst, arkitektur og visuell kultur (ca. 330-1453), og kunst, arkitektur og visuell kultur i sentrale delar av Vest-Europa med Noreg, fram til ca. 1400. Vi vil sette konkrete verk inn i ein kontekst, og diskutere dei ut frå historiske, kulturelle, estetiske, tekniske, ikonografiske, religiøse og teoretiske perspektiv.

Læringsutbyte

Etter å ha fullført emnet skal studenten

Krav til forkunnskapar

 Ingen

Tilrådde forkunnskapar

 Ingen

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen. Denne eksamenen er og open for personar utan studierett, etter søknad til Det humanistiske fakultet.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisinga blir gitt som førelesingar, normalt 12-14 dobbelttimer.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mi Side. På emne der dette kan vere aktuelt vil studentane får informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

 Ingen

Vurderingsformer

 Eksamen er ei 6 timars skuleeksamen.

Karakterskala

 Karakterskala A til F

Fagleg overlapp

 Emnet har full overlapp med tidligare emne KUN111.

Vurderingssemester

 

Litteraturliste

 Pensum er på om lag 1000 sider.

Emneevaluering

 Evaluering blir gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.

Institutt

 Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium.

E-post: studierettleiar@lle.uib.no