Emner: KUN122 Kunst og arkitektur i tidlig nytid (1400-1750) - Høst 2014




Studienivå (studiesyklus)

 Bachelor

Undervisningsspråk

 Norsk

Undervisningssemester

 Vår

Undervisningsstad

 Bergen

Mål og innhald

 Emnet skal gi eit overblikk over kunst, arkitektur og visuell kultur i tidleg nytid, sett i ein brei kulturhistorisk og sosial kontekst. Emnet vil konsentrere seg om kunsten i sentrale delar av Europa, og det austlege Middelhavet og Noreg, frå ca1400 fram til ca. 1750. Vi vil drøfte konkrete verk ut frå historiske, kulturelle, estetiske, tekniske, ikonografiske, religiøse og teoretiske perspektiv. Vi vil óg problematisere historiske periode- og stilomgrep , og sjå på ulike historiske forståingar og teoriar om «kunst». Førelesningsrekka startar med ei innføring i sentral tolkingsverktøy i faget, både bilet- og arkitekturanalyse.

Val av tematisk tyngdepunkt kan variera frå semester til semester.

Læringsutbyte

Etter å ha fullført emnet skal studenten

 

Krav til forkunnskapar

 Ingen

Tilrådde forkunnskapar

 Ingen

Krav til studierett

 Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen. Denne eksamenen er open for personar utan studierett, etter søknad til Det humanistiske fakultet.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

 Undervisinga blir gitt som førelesningar og seminar, normalt 12-14 dobbelttimer.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

 Ingen

Vurderingsformer

 Sju dagars heimeeksamen. Den skriftlege oppgåva skal ha eit omfang på mellom 3500-4000 ord.

Karakterskala

 Karakterskala A til F der E er siste ståkarakter.

Fagleg overlapp

 Ingen

Vurderingssemester

Litteraturliste

 Pensum er på om lag 1000 sider.

Emneevaluering

Evaluering blir gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.

Institutt

 Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium.

E-post: studierettleiar@lle.uib.no