Emnet skal gi eit overblikk over kunst, arkitektur og visuell kultur i tidleg nytid, sett i ein brei kulturhistorisk og sosial kontekst. Emnet vil konsentrere seg om kunsten i sentrale delar av Europa, og det austlege Middelhavet og Noreg, frå ca1400 fram til ca. 1750. Vi vil drøfte konkrete verk ut frå historiske, kulturelle, estetiske, tekniske, ikonografiske, religiøse og teoretiske perspektiv. Vi vil óg problematisere historiske periode- og stilomgrep , og sjå på ulike historiske forståingar og teoriar om «kunst». Førelesningsrekka startar med ei innføring i sentral tolkingsverktøy i faget, både bilet- og arkitekturanalyse.
Val av tematisk tyngdepunkt kan variera frå semester til semester.
Etter å ha fullført emnet skal studenten
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium.
E-post: studierettleiar@lle.uib.no