Emner: KUN123 Bildekunst, arkitektur og visuell kultur i nyere tid (1750-1900) - Vår 2014




Studienivå (studiesyklus)

 Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk. Dersom det melder seg minimum 5 utanlandske studentar kan undervisninga bli gitt på engelsk.

Undervisningssemester

 Haust

Undervisningsstad

 Bergen

Mål og innhald

Emnet tar opp ulike tema i kunst, arkitektur og visuell kultur i Noreg og i resten av Europa frå 1700- og 1800-talet. Framveksten av den moderne kunstinstitusjonen frå 1700-talet og den tidlege modernismen på 1800-talet er sentrale tema. Emnet legg óg særleg vekt på dei endringane som ny vitskap, teknologi og mekanisering førte med seg - inkludert introduksjonen av fotografiet. Vidare vil vi tematisere kunsten si rolle i høve til politiske prosessar, som til dømes nasjonsbygging og kolonisering. Emnet skal gi grunnleggjande breiddekunnskap og overblikk, men val av tematisk tyngdepunkt kan variera frå semester til semester.

Læringsutbyte

 Etter å ha fullført emnet skal studentane:

.

Krav til forkunnskapar

 Ingen

Tilrådde forkunnskapar

 Kunsthistorieemna KUN121 og 122 vil vere ein føremon.

Krav til studierett

 Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen. Denne eksamenen er og open for personar utan studierett, etter søknad til Det humanistiske fakultet.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

 Undervisninga blir gitt som førelesingar, normalt 12-14 dobbelttimar. Førelesingsrekkja startar med ei innføring i bruk av digitalt verktøy for bilet- og arkitekturanalyse.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mi Side. På emne der dette kan vere aktuelt vil studentane får informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

 Ein skriftleg breiddetest vil bli gitt i slutten av semesteret. Breiddetesten må vere godkjend før kandidaten kan gå opp til eksamen.

Vurderingsformer

 Eksamen er ein førebudd munnleg prøve der studenten skal presentere og diskutere eit kunst- eller arkitektonisk verk som er omhandla i pensum.

Karakterskala

 Karakterskala A til F, der E er siste ståkarakter

Fagleg overlapp

Vurderingssemester

Litteraturliste

 Pensum er på om lag 1000 sider.

Emneevaluering

 Evaluering av undervisningstilbodet blir gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.

Institutt

 Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studierettleiar@lle.uib.no