Emnet presenterer og drøftar karakteristiske trekk ved den norske og internasjonale kunsten og arkitekturen frå omkring 1900 og fram til vår eiga tid. studiefeltet er avgrensa geografisk til Europa og grenseområda mot aust og Nord-Amerika. Avant-garde praksisane tidleg på 1900-talet står sentralt i biletkunsten, likeeins den amerikanske seinmodernismen og den store spennvidda i den multimediale og sjangeroverskridande etterkrigs- og samtidskunsten.
Endringane i arkitektonisk praksis frå rundt 1900, gjennombrotet av den modernistiske ideologien og konsekvensane av dette for arkitektur og byutvikling er sentrale tema i arkitekturhistoria. Vidare tar emnet opp utviklinga av seinmodernismen i etterkrigstida, modernismekritikken og samtidsarkitekturen.
Emnet skal gi ei oversikt, og samstundes utvikle evna til å sjå verka som historiske dokument og estetiske objekt. I emnet tar vi og opp spørsmål knytt til tolking, historisk kontekst og kunsten og arkitekturen sin performative rolle, korleis den blir nytta med bestemte politiske og retoriske siktemål.
Som ein del av emnet gir vi ei generell innføring i arkitektur-og biletanalyse.
Val av tematisk tyngdepunkt kan variera frå semester til semester
Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.
Denne eksamenen er og open for personar utan studierett, etter søknad til Det humanistiske fakultet.
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
E-post: studierettleiar@lle.uib.no