Emner: KUN201 Kunstteori, estetikk og historiografi - Vår 2014




Studiepoeng

15.0

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor.

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Haust og vår.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet skal gi ei djupare innsikt i kunsthistoria som fagdisiplin ved å presentere nokre av dei sentrale omgrepa og analytiske strategiane som har prega faget. Det sentrale tema i emnet er korleis dei historiske teoriane har prega den faglege debatten om kva kunst og kunsthistorie er, og i kva grad desse teoriane er aktuelle i dag.

Emnet kan vektlegge metodiske og historiografiske, så vel som kunstteoretiske perspektiv, og emnet kan ta opp nokre av dei teoretiske utfordringane kunsthistoriefaget har møtt og møter frå til dømes feministiske, poststrukturalistiske, eller postkoloniale posisjonar.

Kunnskap om kunstteori og estetikk er grunnlag for å vurdere sentrale problem som: Kva er etterlikning? Kva er venleik? Kva er det sublime? Kva er kunst? Kva er historie? Kva er en smaksdom?

Undervisninga er både tematisk og historisk organisert. I undervisninga vil vi drøfte grunnomgrepa i høve til sentrale teoretikarar og konkrete døme frå kunst og visuell kultur.

Val av tematisk tyngdepunkt kan variere frå semester til semester.

Læringsutbyte

 

.

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

 

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Førelesingar, normalt 12-14 dobbelttimar og kollokvieundervisning.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mi Side. På emne der dette kan vere aktuelt vil studentane får informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen

Vurderingsformer

Eksamen er en 7-dagars heimeeksamen og ein munnleg prøve. Munnleg eksamen teller 50% og skriftleg eksamen teller 50% av samla karakter. Oppgåva skal ha eit omfang på 3500-4000 ord.

Karakterskala

Karakterskala frå A til F, der E er siste ståkarakter

Litteraturliste

Pensum er på om lag 1000 sider

Emneevaluering

Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studierettleiar@lle.uib.no