Emnet skal gi ei fordjuping i visuell retorikk i eit historisk perspektiv. Med utgandspunkt i ny-retorisk teori, ser vi på retorikken som eit vis å tolke og tenkje om bilete på. I undervisninga ser vi blant anna på korleis, og kvifor, bilete verkar kommunikativt. Sentralt står ulike historiske definisjonar og måtar og tenkje kring visuelle uttrykk. Konkrete døme er henta frå både eldre og nyare historie. Vi tar utgangspunkt i den pågåande faglege debatten om korleis visuelle uttrykk kommuniserer meining, og ser nærare på betraktar-situasjonen. Tema som tas opp er m.a. tilhøvet mellom historisk visuell kultur og retorisk teori, visuelt minne (ars memoriae) som retorisk teknikk og kulturforståing, levandegjering (ekfraser) og framføringsstrategiar (actio) i så vel tekst som i tale og bilete. I emnet vil undervisinga både vere kronologisk og tematisk organisert.
Val av tematisk tyngdepunkt kan variera frå semester til semester.
Etter fullført emne skal studentane:
Undervisninga gis som førelesingar, normalt 12-14 dobbelttimar, og gruppeundervising/seminar.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mi Side
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium.
E-post: studierettleiar@lle.uib.no