Emner: KUN253 Antikken og den klassiske tradisjon med bacheloroppgave - Høst 2014
Studiepoeng
15.0
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Undervisningsspråk
Norsk. Dersom det melder seg minimum 5 utanlandske studentar kan undervisninga bli gitt på engelsk.
Undervisningssemester
Vår/Haust ¿ ikkje fast
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
Emnet er eit fordjupingsemne i spesialiseringa i kunsthistorie. I emnet diskuterer vi bruk og gjenbruk av antikken i europeisk kunst, særleg frå det 19. til det 21. årh. I emnet ser vi óg nærare på korleis antikke formuttrykk, så vel forhistoriske, som klassiske og bysantinske, spelar saman med moderne kunst og visuell kultur i ulike kontekstar. Førelesningane er tematisk organiserte kring utvalde kunstnarar og verk. Vi analyserer konkrete eksempel frå skulptur, maleri, mote, reklame og vareestetikk. Vi undersøkjer óg tilhøva mellom kunst og arkeologi, original og kopi, og spørsmål kring mimesis, appropriasjon, parafrase, polykromi, og fragmentet sin estetikk. Val av tematisk tyngdepunkt kan variere frå semester til semester.
Læringsutbyte
Etter å ha fullført emnet skal studenten
ha spesialisert kunnskap om samspelet mellom eldre og nyare kunstuttrykk.
ha innsikt i korleis kunstarkeologisk materiale nyttast i moderne og samtidskunst, visuell kultur, mote og reklame.
kunne reflektere kritisk i forhold til estetiske og visuelle spørsmål.
kunne tolke kulturelle kodar og resepsjonsprosessar.
kunne nytte kunsthistorisk metode til å tolke kjende og ukjende verk.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
Førelesingar: normalt om lag 12-14 dobbelttimar.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Det er obligatorisk å levere bacheloroppgåva til rettleiing to gonger i løpet av semesteret til oppsette fristar. Fristane er endelege og vert publiserte på Mi Side. Namneliste med individuelle rettleiingstidspunkt blir publisert på Mi Side ein av dei første dagane etter innleveringane.
Vurderingsformer
Eksamen er ei bacheloroppgåve over eit tema innafor dei faglege rammene i emnet. Omfanget på oppgåva skal vere 4500-5000 ord.
Karakterskala
Karakterskala A-F.
Litteraturliste
Pensum er på om lag 1000 sider.
Emneevaluering
Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.
Kontaktinformasjon
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium