Emner: KUN254 Moderne og samtidskunst med bacheloroppgave - Vår 2014
Studiepoeng
15.0Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Undervisningsspråk
Norsk. Dersom det melder seg minimum 5 utanlandske studentar kan undervisninga bli gitt på engelsk.
Undervisningssemester
Haust/vår ¿ ikkje fast
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
Dette emnet er eit fordjupingsemne i spesialiseringa i kunsthistorie. Emnet utforskar sentrale verk og diskusjonar kring kunsten i tida etter andre verdskrigen. I emnet skal vi dekke tema i spennet frå amerikansk etterkrigskunst, nyavantgardiske kunstretningar, konseptualisme, utviklinga av multimediale kunstpraksisar, tilhøvet mellom estetikk og politikk, og framveksten av ein global kunstscene.
Det tematiske tyngdepunkt kan variera frå semester til semester.
Læringsutbyte
Ved fullført emne skal studentane
- Kunne demonstrere evne til å utvikle, utfolde og formulere problemstillingar innanfor feltet moderne og samtidskunst på en sjølvstendig måte.
- Ha inngåande kunnskap om feltet samtidskunst
- Ha røynsle med å jobbe sjølvstendig med ei lengre akademisk oppgåve, og kunne justere arbeidet under rettleiing.
- Kunne gjere greie for, og aktivt nytte eit større tilfang av analytiske og teoretiske omgrep
.
Krav til forkunnskapar
Ingen.
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
Førelesingar: normalt om lag 12 -14 dobbelttimar.
Om del melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mi Side. På emne der dette kan vere aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Det er obligatorisk å levere bacheloroppgåva til rettleiing to gonger i løpet av semesteret til oppsette fristar. Fristane er endelege og vert publiserte på Mi Side. Namneliste med individuelle rettleiingstidspunkt vert publisert på Mi Side ein av dei første dagane etter innleveringane.
Vurderingsformer
Eksamen er ei bacheloroppgåve med tema frå kurset det gjeldande semesteret. Omfanget på oppgåva skal vere 4500-5000 ord.
Karakterskala
Karakterskala A-F
Litteraturliste
Pensum er på om lag 1000 sider.
Emneevaluering
Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.
Kontaktinformasjon
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
E-post: studierettleiar@lle.uib.no