Emner: KUN257 Økologi og naturhistorie som visuell kultur med bacheloroppgave - Høst 2014
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor.
Undervisningsspråk
Norsk. Dersom det melder seg minimum 5 utanlandske studentar kan undervisninga bli gitt på engelsk.
Undervisningssemester
Vår/haust ¿ ikkje fast
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
Emnet skal gi eit innblikk i historiske tilnærmingar til økologi og naturhistorie som visuell kultur. Studentane vel ei fordjuping innafor anten økologien si visuelle kulturhistorie eller naturhistoria si visuelle kultur. Fordjupinga kan til dømes vere innafor historisk landskapsmåleri, geografisk visuell kultur, hagekunst, kulturlandskap, urbane landskap, synskulturar i vitskapshistoria, naturhistoriske museum og visualisering som vitskapleg praksis.
Tematikken i undervisninga kan variera noko frå semester til semester.
Læringsutbyte
Etter å ha fullført emnet skal studentane:
- ha inngåande kunnskap om ulike tilnærmingar til økologi og naturhistorie som visuell kultur.
- Være medvitne om samanhangen mellom ulike disiplinar og historiske problem, og reflektere kritisk omkring dei.
- Kunne jobbe sjølvstendig med eit kunsthistorisk materiale.
- Ha røynsle med å skrive ein lengre akademisk tekst, og justere arbeidet under rettleiing.
.
Krav til forkunnskapar
Ingen.
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
Førelesingar på om lag 12-14 dobbelttimar, samt gruppeundervising/seminar. I tillegg individuell rettleiing på bacheloroppgåva.
Om del melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mi Side
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Rettleiing i samband med førebuing av bacheloroppgåva. Det er obligatorisk å levere bacheloroppgåva til rettleiing to gonger i løpet av semesteret til oppsette fristar.
Vurderingsformer
Eksamen er ei bacheloroppgåve på 4500-5000 ord
Karakterskala
Karakterskala A-F
Litteraturliste
Pensum er på om lag 1000 sider.
Emneevaluering
Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.
Kontaktinformasjon
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
E-post: studierettleiar@lle.uib.no