Emner: KUN257 Økologi og naturhistorie som visuell kultur med bacheloroppgave - Vår 2014




Studiepoeng

15.0

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor.

Undervisningsspråk

 Norsk. Dersom det melder seg minimum 5 utanlandske studentar kan undervisninga bli gitt på engelsk.

Undervisningssemester

Vår/haust ¿ ikkje fast

Undervisningsstad

 Bergen

Mål og innhald

Emnet skal gi eit innblikk i historiske tilnærmingar til økologi og naturhistorie som visuell kultur. Studentane vel ei fordjuping innafor anten økologien si visuelle kulturhistorie eller naturhistoria si visuelle kultur. Fordjupinga kan til dømes vere innafor historisk landskapsmåleri, geografisk visuell kultur, hagekunst, kulturlandskap, urbane landskap, synskulturar i vitskapshistoria, naturhistoriske museum og visualisering som vitskapleg praksis.

Tematikken i undervisninga kan variera noko frå semester til semester.

Læringsutbyte

Etter å ha fullført emnet skal studentane:

.

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Førelesingar på om lag 12-14 dobbelttimar, samt gruppeundervising/seminar. I tillegg individuell rettleiing på bacheloroppgåva.

Om del melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mi Side

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Rettleiing i samband med førebuing av bacheloroppgåva. Det er obligatorisk å levere bacheloroppgåva til rettleiing to gonger i løpet av semesteret til oppsette fristar.

Vurderingsformer

Eksamen er ei bacheloroppgåve på 4500-5000 ord

 

 

Karakterskala

Karakterskala A-F

Litteraturliste

Pensum er på om lag 1000 sider.

Emneevaluering

Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studierettleiar@lle.uib.no