Emner: KUN258 Visuell retorikk med bacheloroppgave - Høst 2014




Studienivå (studiesyklus)

 Bachelor

Undervisningsspråk

 Norsk

Undervisningssemester

 Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

 Emnet skal gi ei fordjuping i visuell retorikk i eit historisk perspektiv. Med utgandspunkt i ny-retorisk teori, ser vi på retorikken som eit vis å tolke og tenkje om bilete på. I undervisninga ser vi blant anna på korleis, og kvifor, bilete verkar kommunikativt. Sentralt står ulike historiske definisjonar og måtar og tenkje kring visuelle uttrykk. Konkrete døme er henta frå både eldre og nyare historie. Vi tar utgangspunkt i den pågåande faglege debatten om korleis visuelle uttrykk kommuniserer meining, og ser nærare på betraktar-situasjonen. Tema som tas opp er m.a. tilhøvet mellom historisk visuell kultur og retorisk teori, visuelt minne (ars memoriae) som retorisk teknikk og kulturforståing, levandegjering (ekfraser) og framføringsstrategiar (actio) i så vel tekst som i tale og bilete. I emnet vil undervisinga både vere kronologisk og tematisk organisert.

 

Val av tematisk tyngdepunkt kan variera frå semester til semester.

Læringsutbyte

 Etter fullført emne skal studentane:

 

.

Krav til forkunnskapar

 Ingen

Tilrådde forkunnskapar

 RET101 eller RET102 og/ eller 100-nivået i kunsthistorie.

Krav til studierett

 Emnet er opent for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

 Undervisninga gis som førelesingar, normalt 12-14 dobbelttimar, og gruppeundervising/seminar.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mi Side

Obligatorisk undervisningsaktivitet

 Det er obligatorisk å levere bacheloroppgåva til rettleiing to gonger i løpet av semesteret til oppsette fristar. Fristane er endelege og vert publiserte på Mi side.

Vurderingsformer

 Eksamen er ei bacheloroppgåve. Den skriftlege oppgåva skal ha eit omfang på om lag 4500-5000 ord.

Karakterskala

 Karakterskala A til F der E er siste ståkarakter.

Fagleg overlapp

 Emnet har full overlapp med tidlegare emne KUN117.

Vurderingssemester

Litteraturliste

 Pensum er på om lag 1000 sider.

Emneevaluering

 Evaluering blir gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.

Institutt

 Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium.

E-post: studierettleiar@lle.uib.no