Emner: KUN259 Kunsthistorisk særemne med bacheloroppgave - Høst 2014




Studiepoeng

15.0

Studienivå (studiesyklus)

 Bachelor

Undervisningsspråk

 Norsk eller engelsk

Undervisningssemester

 Haust eller vår, ikkje fast

Undervisningsstad

 Bergen

Mål og innhald

 Særemnet kan byggjast opp omkring eitt av følgjande områder: (1) eit verk eller eit oeuvre (2) ein sjangar eller eit medium (3) ein kunsthistorisk periode (4) ein kunstnarisk tradisjon (5) eit tema eller ein teoretisk problemstilling som overskrid både medium, tradisjon og periode. Det kunsthistoriske særområdet skal kaste lys over eit kunsthistorisk materiale på ein analytisk og teoretisk reflektert måte.

 

Hausten 2014 er tema for emnet «Synskulturar frå antikken til vår eigen tid.» Studentane skriv BA-oppgåve innafor eit av særemna som er skildra i dokumentet «Særemne med leselister for KUN 259» (sjå Fillager på MiSide).

 

Læringsutbyte

 

 

 

.

Krav til forkunnskapar

 Ingen

Tilrådde forkunnskapar

 Ingen

Krav til studierett

 Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

 Undervisninga blir gitt i form av forelesinger og/eller seminar som kan tilpassast studentar både på 200- og 300-nivå. Eit reint seminartilbod har eit omfang på ca. 30 timar. Eit reint forelesingstilbod svarer til 12 til 14 timar. Studentane blir oppmoda til å byggje emnepensum på kunsthistorisk materiale og litteratur som blir brukt i undervisninga, men det er også høve til å leggje opp eit individuelt pensum i samråd med faglærar.

 

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mi Side. På emne der dette kan vere aktuelt vil studentane får informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

 Det er obligatorisk å levere bacheloroppgåva eller tilsvarande oppgåve til rettleiing to gonger i løpet av semesteret til oppsette fristar. Fristane er endelege og blir publiserte på Mi Side. Namneliste med individuelle rettleiingstidpunkt blir publisert på Mi Side ein av de første dagane etter innleveringane.

 

Studentane må levere og få godkjend pensumliste for emnet. Opplysningar om innleveringsfristar står på Mi Side.

Vurderingsformer

Eksamen er en skriftleg bacheloroppgåve med tema frå emnet i det gjeldande semesteret. Det ferdige arbeidet skal ha eit omfang på 4.500 til 5.000 ord.

Karakterskala

 Karakterskala A til F

Fagleg overlapp

Vurderingssemester

Litteraturliste

 Pensum er på rundt 1000 sider.

Emneevaluering

 Evaluering blir gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.

Institutt

 Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium.

E-post: studierettleiar@lle.uib.no