Emner: KUVI105 Materialitet og samfunn - Høst 2014




Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Fagleg innhald

Emnet tematiserer det materielle si rolle i sosialt og kulturelt liv. Gjennom materielle praksisar og erfaringar er menneska kontinuerleg i dialog med vår fysiske verd. Våre omgjevnader utgjer eit erfaringsrom som dannar praktiske, meiningsskapande og eksistensielle føresetnader for korleis vi lever. Det materielle har alltid stått sentralt i dagleglivet i form av landskap, bruksting, minnegjenstandar og som naturlege band mellom menneska. Emnet vil fokusere på det materielle som kulturelt fenomen. Dette inneber blant anna å studere endringar relatert både til gjenstandskategoriar og deira meiningssamanhengar i eit historisk perspektiv.

Læringsmål

Emnet skal gi ei innføring i kva betydning materielle omgjevnader og gjenstandar har i vårt daglegliv. Emnet skal lære studentane å sjå det materielle som kulturelle fenomen som kan problematiserast på ulike måtar.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Etter fullført studium skal studenten ha kunnskap om det materielle si kulturelle meining og kjenna til forskingslitteratur på feltet.

Ferdigheiter

Studentane har fått øving i å analysera materielle og kulturelle uttrykk og å formidla resultatet i skriftleg og munnleg form.

Generell kompetanse

Studentane har lært å kommunisera om faglege tema med andre med bakgrunn innan det same fagområdet.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen.

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med studierett på UiB.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Normalt omkring 10 forelesingar. Undervisninga blir gitt gjennom forelesingar og seminar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk å levere inn ei øvingsoppgåve på ca. 1500 ord. Obligatoriske aktivitetar er gyldige i to semester etter det undervisningssemesteret dei vart godkjende.

Vurderingsformer

Emnet har 7 dagars heimeeksamen og justerande munnleg eksamen. Oppgåva skal ha eit omfang på om lag 3000 ord.

Obligatoriske aktivitetar må vera gjennomførte for at studenten kan gå opp til eksamen.

 

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Fagleg overlapp

KUVI255

Litteraturliste

Instituttet utarbeider pensumlister, pensum er på 1200 - 1500 sider.

Emneevaluering

Studentane vil med jamne mellomrom bli bedne om å evaluera emnet.

Kontaktinformasjon

Studierettleiar@ahkr.uib.no

Institutt

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap