Emner: KUVI106 Kjønn, seksualitet, kultur - Vår 2014
Studiepoeng
15.0Studienivå (studiesyklus)
Bachelor.
Undervisningsspråk
Norsk.
Undervisningssemester
Vår.
Undervisningsstad
Bergen.
Mål og innhald
Læringsmål
KUVI106 tek sikte på å gje ei innføring i korleis kjønn og seksualitet kan analyserast frå eit kulturvitskapleg perspektiv, både i vår eiga tid og i andre historiske periodar. Sentrale spørsmål dreier seg om kulturelle konstruksjonar og iscenesetjingar av kjønn og seksualitetar.
Fagleg innhald
KUVI106 rettar søkjelys på den kulturelle konstruksjonen av kjønn og seksualitetar og søkjer å avdekkja dei kulturelle mønstra som er med å forma individa til dei tilsynelatande faste kategoriane mann og kvinne, hetero og homo. Emnet fokuserer på korleis meiningsinnhaldet i kjønns- og seksualitetskategoriane blir produsert, reprodusert og eventuelt endra. Teoretisk vil emnet trekkja vekslar på kulturteori og generell kjønnsteori.
Læringsutbyte
Kunnskapar
Ved fullført emne skal studentane ha kunnskap om ulike måtar å analysera kjønn og seksualitet ut frå eit kulturvitskapleg perspektiv.
Ferdigheiter
Studentane har fått kjennskap til relevante problemstillingar og forskingsarbeid innan fagområdet.
Generell kompetanse
Studentane kan skriva ein resonnerande tekst og kan kommunisera om faglege tema med andre med bakgrunn innan fagområdet.
Krav til forkunnskapar
Ingen.
Tilrådde forkunnskapar
Ingen.
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar med studierett ved UiB. Eksamen er open for personar utan studierett etter søknad til Det humanistiske fakultet, sjå: http://www.uib.no/hf/utdanning/opptak/saerskilt-eksamen-ved-det-humanistiske-fakultet
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
Undervisinga blir gjeve i form av førelesingar og seminar.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Studenten skal skriva to oppgåver med oppgitte emne. Kvar oppgåve skal vera på om lag 1200 ord. Faglærar gir skriftlege tilbakemeldingar på oppgåvene. Fristar for innleveringar blir kunngjort på Mi side. Obligatoriske aktivitetar er gyldige i to semester etter det undervisingssemesteret dei vart godkjende.
Vurderingsformer
Eksamen er ein 6 timars skuleeksamen. Alle obligatoriske arbeidskrav må vera oppfylte for at studenten skal kunna møta til eksamen.
Karakterskala
Det blir nytta bokstavkarakterar på ein skala frå A til F, der F er stryk.
Fagleg overlapp
KUVI256
Litteraturliste
Instituttet utarbeider pensumlister, pensum er på 1200 - 1500 sider.
Emneevaluering
Studentane vil med jamne mellomrom bli bedne om å evaluera emnet.
Kontaktinformasjon
Studierettleiar@ahkr.uib.no
Institutt
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap.