Emner: KUVI203 Museologi - Vår 2014




Studiepoeng

15.0

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk.

Undervisningssemester

Vår.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Læringsmål

Emnet skal gje føresetnader for å forstå musea sin funksjon og virkemåte og den rolla dei spelar i samfunnet.

Fagleg innhald

Museologi tematiserer musea si betyding og rolle i samfunnet som eit felt for produksjon av førestillingar om fortid og samfunn. Emnet tar opp spørsmål som: Kva er eit museum? Korleis endrar musealiseringa statusen til ein gjenstand (transformering av "vanlege ting" til "kulturarv") - kva gjenstandar kjem på museum, og kva er det som gjer dei meiningsfulle som museumsgjenstandar? Kva er det særeigne ved museumsformidling (kva "grep" er det som medverkar til å skapa museets sine bodskapar)? Kva utfordringar står museet overfor idag?

Læringsutbyte

Kunnskapar

Studentane har fått kunnskapar om museumsfeltet og dei sentrale oppgåvene som musea har og kan gjera greie for teoretiske perspektiv som er relevante for feltet.

Ferdigheiter

Studentane har tileigna seg evne til kritisk refleksjon i forhold til musea si rolle og funksjon, også i forhold til konkret museumsarbeid.

Generell kompetanse

Studentane kan kommunisera om faglege tema med andre med bakgrunn innafor same fagområdet.

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

Instituttet rår til at ein har teke eksamen i KUVI101 og KUVI 102.

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med studierett ved UiB.  

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Normalt 13 førelesingar, og arbeidsseminar. Undervisninga blir gjeve som førelesingar, seminar og ekskursjonar som vil tematisera verksemda til utvalde museum og samlingar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen.

Vurderingsformer

Eksamen er ein 7-dagars heimeeksamen med ei justerande munnleg prøve. Det skriftlege eksamensarbeidet skal vera på om lag 3000 ord.

Karakterskala

Det blir nytta bokstavkarakterar på ein skala frå A til F, der F er stryk.

Fagleg overlapp

KUVI258

Litteraturliste

Instituttet utarbeider pensumliste. Pensum er på 1200 - 1500 sider.

Emneevaluering

Studentane vil med jamne mellomrom bli bedne om å evaluera emnet.

Kontaktinformasjon

Studierettleiar@ahkr.uib.no

Institutt

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap.