Norsk
Haust
Bergen
Læringsmål
Emnet skal gi innsikt og fordjuping i ikkje-institusjonell religiøsitet, det som også vert omtala som folketru, folkeleg religiøsitet, nyreligiøsitet eller alternativ spiritualitet, eller som folkelege fortolkingar av oversanselege fenomen eller ein overmenneskeleg sfære. Det handlar om forestillingar, idear og praksisar som ligg utanfor eller i grenselandet av det etablerte religiøse feltet.
Fagleg innhald
Emnet har eit kulturhistorisk perspektiv og drøftar den ikkje-institusjonelle religiøsiteten i fortid og notid og fokuserer på både brot og kontinuitet. Faghistoriske perspektiv er også vesentlege. Kjeldene til denne forma for religiøsitet finn ein i stor grad i forteljingar av ulik art, spreidd anten i munnleg form eller i moderne populærkultur. Forestillingane kjem ikkje til uttrykk i kanoniserte skrifter. Analyse av forteljingar er også del av emnet. Ikkje-institusjonell religiøsitet vert uttrykt i mange ulike forestillingar, til dømes om sjukdom og helse, kjærleik og produktivitet. Den vert uttrykt både i handlingar og forteljingar, og er i stor grad knytt til kvardagslivet og dei samanhengar folk lever i.
Kunnskapar
Ved fullført emne har studentane kunnskap om folketru og folkeleg religiøsitet i fortid og notid, og om kor og korleis dette kjem til uttrykk.
Ferdigheiter
Studentane meistrar relevante faglege omgrep og kan skrive ein resonnerande tekst.
Generell kompetanse
Studentane kan arbeida sjølvstendig og kan kommunisere om faglege tema.
Ingen
Emnet er ope for studentar med studierett ved UiB.
Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Studierettleiar@ahkr.uib.no
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap