Emner: KUVI204 Folketro og nyreligiøsitet - Vår 2014




Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Læringsmål

Emnet skal gi innsikt og fordjuping i ikkje-institusjonell religiøsitet, det som også vert omtala som folketru, folkeleg religiøsitet, nyreligiøsitet eller alternativ spiritualitet, eller som folkelege fortolkingar av oversanselege fenomen eller ein overmenneskeleg sfære. Det handlar om forestillingar, idear og praksisar som ligg utanfor eller i grenselandet av det etablerte religiøse feltet.

Fagleg innhald

Emnet har eit kulturhistorisk perspektiv og drøftar den ikkje-institusjonelle religiøsiteten i fortid og notid og fokuserer på både brot og kontinuitet. Faghistoriske perspektiv er også vesentlege. Kjeldene til denne forma for religiøsitet finn ein i stor grad i forteljingar av ulik art, spreidd anten i munnleg form eller i moderne populærkultur. Forestillingane kjem ikkje til uttrykk i kanoniserte skrifter. Analyse av forteljingar er også del av emnet. Ikkje-institusjonell religiøsitet vert uttrykt i mange ulike forestillingar, til dømes om sjukdom og helse, kjærleik og produktivitet. Den vert uttrykt både i handlingar og forteljingar, og er i stor grad knytt til kvardagslivet og dei samanhengar folk lever i.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Ved fullført emne har studentane kunnskap om folketru og folkeleg religiøsitet i fortid og notid, og om kor og korleis dette kjem til uttrykk.

Ferdigheiter

Studentane meistrar relevante faglege omgrep og kan skrive ein resonnerande tekst.

Generell kompetanse

Studentane kan arbeida sjølvstendig og kan kommunisere om faglege tema.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Instituttet rår til at ein har teke eksamen i KUVI101 og KUVI 102.

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med studierett ved UiB.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Normalt 10 forelesingar. Undervisning blir gitt gjennom forelesingar og seminar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk å levera ei skriftleg øvingsoppgåve på 1200 - 2000 ord. I øvingsoppgåva skal studenten analysera eit aktuelt døme som skal knytast til pensumlitteraturen. Oppgåva blir ikkje rettleidd og blir vurdert som godkjend/ikkje godkjend. Oppgåva må vera godkjend for at studenten skal få gå opp til eksamen i emnet.

Vurderingsformer

Eksamen er ein 7 dagars heimeeksamen og ei justerande munnleg prøve. Eksamensoppgåva skal vera på om lag 3000 ord.

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Fagleg overlapp

KUVI254

Litteraturliste

Instituttet utarbeider pensumlister, pensum er på 1200-1500 sider.

Emneevaluering

Studentane vil med jamne mellomrom bli bedne om å evaluera emnet.

Kontaktinformasjon

Studierettleiar@ahkr.uib.no

Institutt

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap