Emner: KUVI254 Folketro og nyreligiøsitet, bacheloroppgave - Høst 2014




Studiepoeng

15.0

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Læringsmål

Emnet dreier seg om ikkje-institusjonell religiøsitet, det som også vert omtala som folketru, folkeleg religiøsitet, nyreligiøsitet eller alternativ spiritualitet, eller som folkelege fortolkingar av oversanselege fenomen eller ein overmenneskeleg sfære. Det handlar om forestillingar, idear og praksisar som ligg utanfor eller i grenselandet av det etablerte religiøse feltet.

Fagleg innhald

Emnet har eit kulturhistorisk perspektiv og drøftar den ikkje-institusjonelle religiøsiteten i fortid og notid og fokuserer på både brot og kontinuitet. Faghistoriske perspektiv er også vesentlege. Kjeldene til denne forma for religiøsitet finn ein i stor grad i forteljingar av ulik art, spreidd anten i munnleg form eller i moderne populærkultur. Analyse av forteljingar er også del av emnet. Uorganisert religiøsitet vert uttrykt i mange ulike forestillingar, til dømes om sjukdom og helse, kjærleik og produktivitet. Den vert uttrykt både i handlingar og forteljingar, og er i stor grad knytt til kvardagslivet og dei samanhengar folk lever i. Forestillingane kjem ikkje til uttrykk i kanoniserte skrifter.

Læringsutbyte

Kunnskapar

I emnet skal studenten analysera ikkje-institusjonell religiøsitet i ei sjølvstendig oppgåve. Kunnskap om samanhengar og brudd mellom det vi omtalar som folketru og nyreligiøsitet er eit læringsmål. Ein kan velje om ein vil konsentrere arbeidet om fenomen i vår eiga tid eller historisk tid.

Ved fullført emne har studentane djupare kunnskap om folkeleg religiøsitet i fortid og notid, og om kor og korleis denne forma for religiøsitet kjem til uttrykk.

Ferdigheiter

Studenten har fått trening i å innhenta eit kjeldemateriale, gjera eit avgrensingsarbeid, utvikla presise problemstillingar og å skriva ein lengre, sjølvstendig resonnerande tekst.

Generell kompetanse

Studentane kan arbeida sjølvstendig og kan kommunisera om faglege tema.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Instituttet rår til at ein har teke eksamen i KUVI 101, KUVI 102, samt to sjølvvalde kulturvitskapsemne før ein tek til på KUVI 254. Vidare rår ein til at bacheloroppgåva vert skriven i 5. eller 6. semester.

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med studierett ved UiB.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisning blir gitt gjennom forelesingar, seminar og rettleiing.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studentane skal i arbeidsprosessen levera bacheloroppgåva i minimum to utkast til fastsette tidspunkt. Det første utkastet skal innehalda ei skisse av temaet, førebels disposisjon og kort utgreiing om relevant litteratur. Dette utkastet er basis for diskusjon mellom rettleiar og student.
Pensumlista skal godkjennast av faglærar og leverast saman med den endelege oppgåva.
Obligatoriske arbeidskrav er gyldige i eitt semester etter det undervisningssemesteret dei vart godkjende.

Vurderingsformer

Eksamen er ei skriftleg bacheloroppgåve med ein justerande munnleg eksamen. Bacheloroppgåva skal ha eit omfang på 5000 - 6000 ord. Framstillinga skal vera dokumentert med tilvisingar til litteratur og kjelder.

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Fagleg overlapp

KUVI204

Litteraturliste

Pensum er på 1200 -1500 sider. Studenten leverer saman med bacheloroppgåva inn ei pensumliste der halvparten av litteraturen er henta frå pensumlista på KUVI204 og halvparten er sjølvvald. Lista skal vera godkjend av faglærar.

Emneevaluering

Studentane vil med jamne mellomrom bli bedne om å evaluera emnet.

Kontaktinformasjon

Studierettleiar@ahkr.uib.no

Institutt

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap