Læringsmål
Emnet dreier seg om kva tyding materielle omgjevnader og gjenstandar har i vårt daglegliv. I emnet lærer studentane å sjå det materielle som kulturelle fenomen som kan problematiserast på ulike måtar.
Fagleg innhald
Emnet tematiserer det materielle, både i samfunnsmessige og kulturelle samanhenger. Søkelyset vert retta mot korleis det materielle i form av gjenstandar og landskap dannar praktiske føresetnader og kulturelle mønster. Det gjeld til dømes korleis vi forvaltar og skaper tradisjonar, korleis vi endrar og konstruerer nye omgjevnader og representasjonar av røyndomen. Perspektiva i emnet vert og retta mot korleis den fysiske verda, både i offentlege og private samanhenger, er grunnleggande for forståinga av den innforståtte kvardagen og den meir framande verda vi møter eller oppsøker. Teoretisk vil det bli lagt vekt på kulturelle prosessar og kulturelle perspektiv som løftar fram materielle meiningskategoriar.
Kunnskapar
Studenten kan analysera den materielle verda ut frå eit kulturvitskapleg perspektiv i ei sjølvstendig oppgåve. Arbeidet kan fokusere på vår eiga tid og/eller historisk tid.
Ferdigheiter
Studenten har fått trening i å innhenta eit kjeldemateriale, gjera eit avgrensingsarbeid, utvikla presise problemstillingar og å skriva ein lengre sjølvstendig resonnerande tekst.
Generell kompetanse
Studenten kan kommunisera om faglege tema med andre med bakgrunn innan fagområdet.
Studentane skal i arbeidsprosessen levera bacheloroppgåva i minimum to utkast til fastsette tidspunkt. Det første utkastet skal innehalda ei skisse av temaet, førebels disposisjon og kort utgreiing om relevant litteratur. Dette utkastet er basis for diskusjon mellom rettleiar og student.
Pensumlista skal godkjennast av faglærar og leverast saman med den endelege oppgåva.
Obligatoriske arbeidskrav er gyldige i eitt semester etter det undervisningssemesteret dei vart godkjende.